Familievennleg preparert skiløype i lett terreng til Vassdalsbu som er møteplassen for skifolket i Vanylven. Omlag midtvegs er det ein open gapahuk med god plass, og med høve til å lage bål. Ved normale snøtilhøve er det også preparerte løyper vidare mot Rota/Slivatnet og til tider i fleire sidespor. Alle løypekryss er godt merka.
Øverberg skisenter https://syvdeil.no/p/12503/info-overberg-skisenter som er drifta av Syvde idrettslag har ansvaret for drift og vedlikehald av skitraseane i området. Når det er gode snøforhold er skitraseen frå Øverberg til Vassdalsbu del av eit langt større løypenett. Det er godt skilta i alle løypekryss. Du kan lese meir på https://morotur.no/tur/OEverberg-Rota-Rute-55-c og https://morotur.no/tur/rota-paa-ski
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 9 |