Informasjon
Last ned Stikk UT! appen her:
Last ned til Android (Google play)
Viktig å vite før du kan registrere/legge inn turar i Morotur:
Lenker:
www.romsdal.com
snøskredvarsel på varsom.no
www.godtur.no
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak morotur.no. Her finn du tips om fine turar i heile fylket vårt. Oversikta gjeld fotturar, turar på ski, på sykkel eller i kajakk. Målet med initiativet er å gjere flotte naturopplevingar lettare tilgjengeleg for innbyggjarar og besøkande.
Turskildringane som ligg inne på Morotur si nettside og i Stikk UT-appen blir registrert av frivillige turfolk rundt om i fylket. Det kan derfor forekome noko sprik i kvaliteten på skildringane, og graderingane kan i enkelte høve vere noko innkonsekvent. Fylkeskommunen arbeider imidlertid stadig med å forbetre innhaldet på sida.
Viktig å vite før du tar turen:
Husk at du sjølv er ansvarleg for dei valga du tek både før og under turen. www.morotur.no gir berre tips frå "kjentfolk" om turar i fylket vårt. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje vore ute i terrenget og sjekka skildringane mot terrenget. Feil i turskildringane kan forekome.
NB! Fylkeskommunen har tidlegare drifta ein eigen app for morotur. Denne er ikkje lengre i bruk da den nye Stikk UT-appen dekker same formålet.
Vanlege spørsmål:
1. Eg veit om fleire turar i min kommune som ikkje er registrert på morotur.no, kvifor?
Turane på morotur.no, er lagt inn av frivillige og organisasjonar i dei ulike kommunane. Vi vil gjerne at du legg inn turar som du meiner bør vere med i oversikta.
2. Kven er det som registrerer alle turane?
Vi har turregistratorar rundt om i dei ulike kommunene i fylket som legg inn turar på nettsida. I tillegg kan alle som ønskjer det sende inn forslag til turar. Forslaga blir gjennomgått og godkjent av kommunar, friluftsråd eller fylkeskommunen før dei blir lagt ut på nettsida.
3. Kor kan eg registrere ein ny tur?
For å kunne registrere ein ny tur, må du opprette ein brukar i systemet. Lengre ned på denne sida ligg det rettleiarar for koreis du kan opprette brukar og starte registreringa.
4. Kva betyr dei forskjellige fargekodane?
Fargekodane viser vanskegrad på dei forskjellige turane. Turane er kategorisert etter kor krevjande dei er å gjennomføre. Turane på morotur skal vere gradert etter mal frå Merkehandboka utgitt av DNT, Innovasjon Norge og Friluftsrådenes Landsforbund. Vi gjer merksam på at kategorisering i fire nivå er ganske "grovmaska" og at du derfor kan oppleve variasjonar innanfor kvar av dei fire kategoriane.
For nokre av turtypene har ikkje Merkehandboka nokon mal for gradering. Her har vi med hjelp av brukargrupper utarbeida eigne graderingsmalar.
Fargekodane er delt inn slik:
Grøn: Enkel
Blå: Middels
Raud: Krevjande
Svart: Ekstra krevjande
5. Kva er skilnaden på morotur og StikkUT?
Stikk UT er ein turmålskonkurranse og blir drifta av Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd, frivillige medhjelparar og representantar frå medlemskommunane til friluftsråda. Stikk UT! nyttar eit utval av turar som ligg inne i Morotur. Utvalget av turer blir delvis endra kvart år. Turane som er med Stikk UT! skal ha ekstra god tilrettelegging i form av parkering og merking. Dei som deltek i konkurransen, registrerer turane dei går i Stikk UT!-appen, eller på stikkut.no. Alle som går 7 turar eller får høve til å kjøpe seg premie. Deltakarane i StikkUT! kan bruke tellingane og statistikken til å konkurrere mot seg sjølv, mot ein i familien, mot naboen eller andre som er med. StikkUT har to sesongar. Sommarsesongen startar 1. mai og varer til 31. oktober. Vintersesongen er frå 15. desember til andre påskedag, og inneheld både ski- og fotturar.
Alle turane som er valgt ut til StikkUT ligg i oversikta til Morotur. Stikk UT har også ei eiga heimeside og ein eigen app med registreringsløysning, og oversikt over turane. Med Stikk UT!-appen kan du registrere turmåla som er med i turmålskonkurransen. Morotur er ikkje ein turmålskonkurranse, men berre ei oversikt over turar du kan ta året rundt.
Dersom du ikkje fekk svar på det du lurte på, kan du kontakte oss her:
|
|
|
Last ned til Android (Google play)
Viktig å vite før du kan registrere/legge inn turar i Morotur:
Lenker:
www.romsdal.com
snøskredvarsel på varsom.no
www.godtur.no