English

Øverberg - Rota - Rute 55 c

Vanylven

Kort om turen

Familievennleg preparert skiløype i lett terreng. Omlag midt mellom Øverberg og Rota er det ein open gapahuk med god plass, og med høve til å lage bål. Løypa går i opparbeidd trase i dalen mellom Øverberg og Rota. Ved normale snøtilhøve er det også preparerte løyper i eit sidespor som startar nokre hundre meter sør for gapahuken. På dette preparerte sidesporet finn ein den opne hytta Vassdalsbu. Denne hytta er eit mykje nytta turmål, og også ein viktig møteplass for turgåarar frå nord og sør. Ein kan gå delar av, eller heile løypa. Ved gode snøtilhøve er det ofte preparert fleire løyper i området.

Ruteskildring

Ruta går mellom dei 2 mest brukte vinterturområda i Vanylven. I nord er det start på Øverberg med vinteropen veg frå Syvde fram til parkeringsplass 284 m.o.h. I sør er det veg frå Åheim til Almklovdalen og parkering før ein må gå det siste stykket fram til Rota.

Tilkomst og parkering

Øverberg parkeringsplassen 285 moh Gapahuk 380 moh Rota 460 moh Vassdalsbu 455 moh Parkering på Øverberg skisenter, eller på vegen frå Almklovdalen viss ein startar i sør.
Skitur
Blå Løype
Lengde
5,6 km en vei
Stigning
202 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Høyeste punkt
477 moh
Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 11,2

Anna

Informasjonstelefon Øverberg skisenter – 41 60 69 39 Vanylven skisenter Øverberg: http://www.syvdeil.no/index.php?option=com_content&view=article&id=45&Itemid=62

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut