English

Rota - på ski

Vanylven

Kort om turen

Mykje brukt skitur der det er trakka løyper når det er nok snø. Mange brukar ruta som utgangspunkt for lengre turar til toppar eller i flott oppkøyrde løyper mot Vassdalsbu og Øverberg.

Ruteskildring

Ruta startar lengst framme i Almklovdalen og går sommarstid på god grusvei. Om vinteren er dette traseen for skiløypa. Ved gode snøforhold køyrer trakkemaskina opp gode spor. Frå enden denne ruta har ein mange turalternativ, som for eksempel Dua, Blåfjellet, Røvsdalsnipa og Blæja. I østenden av Slivatnet kan ein følgje Skitraseen nordover mot Øverberg/Syvde: https://morotur.no/tur/OEverberg-Rota-Rute-55-c  

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim, nord for elva, tek ein av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem ein til Gusdal og krysset mot Almklov, her tek ein til venstre. Det er skilta mot Almklov. 3,5 km etter krysset kjem ein til den gamle skulen i Almklovdalen. Der fortset ein rett fram i ein liten høgresving. Etter nye 3 km er ein framme ved Parkeringsplassen. Da er det 200 m til snuplassen ved vegens ende der ruta starter. Gratis parkering 200 m fra rutestart.
Skitur
Blå Løype
Lengde
3,01 km en vei
Stigning
221 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
477 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 6

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut