English

Trygesteinen - på ski

Vanylven

Kort om turen

Skituren til Trygesteinen har jamn stigning heile vegen og er ein tur der det aldri er fare for snøskred.Trygesteinen er ein stor stein som stikk opp frå terrenget også når det er mykje snø, og dermed eit godt møtepunkt. Namnet kjem truleg av at det var under steinen ein gøymde trugene når ein gjekk over fjellet mellom bygdene i tidlegare tider. 

Ruteskildring

Første del av turen går på relativt bratt fjellveg. Vegen er godt vedlikehaldt og lett å gå når det ikkje er snø. Etter ca 1 km kjem ein til den einaste brua på oppstiginga. 100 meter etter brua er det ei lysning i skogen på venstre side av vegen, og der er det skilta mot Fløytevadet. Går ein brua over Fløytevadet kjem ein til ein alternativ veg for nedfart. Denne vegen har fleire svingar, men er mindre bratt. Meir info om dette finn du på https://morotur.no/tur/naertur-syvde-floeytevadet 

Ved enden av fjellvegen, 400 moh, har ein god utsikt mot Syvde og området rundt. Her startar den delen av turen som ikkje går på veg. Ved å gå på ein kurs der ein siktar litt til venstre for fjellet Trollholegga vil ein kome greitt fram til Trygesteinen. Vanlegvis vil også toppen av dei blå merkepinnane som viser sommarruta til Trygesteinen vise over snøen. Trygesteinen er både eit godt turmål, men og eit godt utgangspunkt for andre turar i området. Den mest vanlege toppturen er turen til Høgenipa https://morotur.no/tur/Hoegenipa-rute-45-fraa-Syvde-til-Hoegenipa 

Tilkomst og parkering

For å kome til startstaden køyrer ein frå Syvde mot Nordalen. Det står skilt mot Nordal 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Etter ca 2 km kjem ein til eit kryss der det står skilt mot m.a. Høgenipa. Sving til venstre og over ei bru. Rett etter brua går det greitt å parkere. Etter å ha parkert går ein 200 meter og kjem til eit nytt kryss der det er skilta mot m.a. Høgenipa. Her startar den relativt bratt fjellvegen.

Skitur
Blå løype
Lengde
3,72 km en vei
Stigning
565 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
649 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON