Fin trimtur i skikkeleg motbakke som kan gåast på to ulike fjellvegar. Ein kan gjerne gå ein veg opp og den andre ned. Namnet Fløytevadet kjem frå då ein bar useparert mjølk frå sætra og ned til bygda og skulle krysse elva ved Fløytevadet. Då hendte deg nok av og til at litt fløyte øvst i spannet hamna i elva. Ved brua er det Stikk Ut vinter-post.
For å kome til eit av startpunkta køyrer ein frå Syvde mot Nordalen. Det står skilt mot Nordal 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde.
For å kome til startpunktet nærast fjorden tek ein til høgre og køyrer over ei bru 600 meter etter ein tok av frå hovudvegen. Sving til høgre rett etter brua og køyr vel 400 meter til ein kjem til ein kryss der det er skilta m.a. mot Eikremsnakken. I hårnålssving nr 7 på denne vegen er det skilta mot Fløytevadet.
For å kome til startpunktet lengst vekk frå fjorden køyrer ein ca 2 km i retning mot Nordalen. Ein tek av i eit kryss der set står skilt mot m.a. Høgenipa. Sving til venstre og over ei bru. Rett etter brua går det greitt å parkere. Etter å ha parkert går ein 200 meter og kjem til eit nytt kryss der det er skilta mot m.a. Høgenipa. Her startar den relativt bratt fjellvegen. Etter ca 1 km kjem ein til den einaste brua på oppstigninga. 100 meter etter brua er det ei lysning i skogen på venstre side av vegen, og der er det skilta mot Fløytevadet. Vinteren 23-24 er det registreringspost for Stikk UT - vinterfottur ved brua over elva.
Det går greitt å parkere der det står skilt om bompengar ved turstart lengst vekk frå fjorden.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1 |
Grus | 3 |