English

Høgenipa – rute 45 – frå Syvde til Høgenipa

Vanylven

Kort om turen

Skitur til Høgenipa som med sine 1097 m.o.h. er det tredje høgste fjellet i Vanylven. Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein pyramideforma topp. Høgenipa er eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Dette er ein flott tur for dei som ynskjer å gå til topps med skifellar og kunne renne ned igjen utan å møte motbakkar. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa. Den nordlege ruta med rutenummer 45 er den mest brukte. Til tider kan det vere kaldt og isete det siste stykket opp mot toppen. Den sørlege ruta med rutenummer 45 c har oppstigning på sørsida av toppen, og ofte er det mindre isete der enn i oppstigninga på nordsida av toppen. Trygesteinen: 653 moh - desimalgrader 62,10343 5,82498 Høgenipa: 1097 moh - 32 V 336299 6888610 desimalgrader 62,04390 5,86407

Rutebeskrivelse

Avhengig av kor langt ned mot Syvde snøen ligg kan ein enten starte på toppen av bomvegen, eller lenger nede. Midtvinters må ein rekne med å starte heilt nederst på bomvegen. Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen. Når ein er komen til den øvre enden av bomvegen går ein i forholdsvis rett linje mot aust, og svingar etter kvart meir søraustover mot toppen.

Adkomst og parkering

Start bomveg: 82 moh - 32 V 332229 6888464 desimalgrader 62,08738 5,78478 Slutt bomveg: 398 moh - 32 V 332635 6889327 desimalgrader 62,09616 5,79213 Bompengar: Kr 30,- Parkering på slutten av bomvegen
Skitur
Rød
Lengde
12,4 km tur/retur
Stigning
1010 m
Tidsbruk
4 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Kjørebeskrivelse
Print ut