English

Høgedalen - Botnasætra - Vassbotnen

Volda

Kort om turen

Ein mini-overgangstur som går i eit område der det ikkje ferdast veldig mykje folk, men som likevel er lett tilgjengeleg. Turen går delvis på sti og skogsveg, men også i terreng utan sti. På mesteparten av turen går du i fin furuskog.Undervegs er det eit fint utsiktspunkt der du bør ta deg tid til å stanse. På Botnasætra er det også fint å ta ein stopp

Rutebeskrivelse

Turen startar i austenden av Rotevatnet (avhengig av kvar du parkerer). Gå gjennom grinda i enden av vatnet. I granskogen tek du av ein sti til venstre gjennom skogen . Alternativ: følg vegen til du kjem til ein skogsveg som tek venstre og følg denne. Gå på kjerreveg opp til Høgedalen. Du passerer skilt først til Rotsethornet og etterpå til Humbersetsætra. Passer desse. Like etter skiltet til Humberstesætra skal du følge sti opp til venstre. Stien er tydeleg og du følger den først i slakt terreng og etterkvart nokså bratt opp gjennom lia. Stien er god, men ein plass deler han seg. Hald til høgre/rett fram her.Når du kjem opp til eit nedfelt tre, skal du sikte deg inn på haugen du ser rett fram. Her er det ingen sti å følge. Stien som tek til hø. går til Skarphornet. Du skal ikkje følge denne. Når du kjem opp på haugen bør du gå fram på den slik at du ser utover mot Volda. Her er det flott utsikt! Du går vidare, framleis utan sti, litt ut på kanten. Er du heldig, finn du sti etterkvart. Du skal ned mot demninga ved vatnet like nedanfor Botnasætra. Følg gps-spor eller bruk kart på den delen av turen der det ikkje er sti/veg Gå over demninga og til Botnasætra før du følger vegen ned att

Adkomst og parkering

Turen startar i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du E39 retning Stryn. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda. Ta etterkvart av mot Vassbotnen og Golfbane. Det er fleire startpunkt, avhengig av kvar du finn parkeringsplass. Ved golfbana er det ofte god plass å parkere. Du kan også køyre så lang du kjem langs vatnet og parkere ved grinda, men ver obs på at dette er ein snuplass som du ikkje må blokkere. Parker ev. langs vegen. Fleire alternativ - Sjå Startsted. Ikkje parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
6,7 km rundtur
Stigning
499 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,8

Offentlig transport

Det går fint å gå eller sykle til start

Kart

Nærturkart Volda
Kjørebeskrivelse
Print ut