Botnasætra er eit populært turmål, ikkje minst etter at det vart bygd skogsveg til sætra. Botnasætra ligg flott til med utsikt mot Rotevatnet og Volda sentrum. Flott plass å sjå solnedgangen i frå. Denne gamle råsa til seters er nyleg rydda og merka; eit godt alternativ til skogsvegen!
Følg vegen som går opp mellom golfbanene. Etter om lag 400 m kjem du til ei grind. Gå gjennom denne og rett fram, sjå skilt. Etter nye 400 m kjem du til eit lite vatn. Gå forbi dette og forbi ei grind. Stien startar like etter grinda på høgre side; sjå etter raudt merke på ein stein. Stien er merka på steinar, stubbar og med merkepinnar i trea, og med nokre retningspiler. Den går først i ope lende på ein eldre skogsveg, så i skogen. Siste 500 m er nokså bratt, men stien er fin å gå på. Du kjem opp på skogsvegen like nedanfor Botnasætra. Ta til venstre når du kjem opp på vegen. No har du fleire valg: A - Gå 20 m og ta sti opp til høgre. Då kjem du opp på setrevollen. B - følg vegen i knapt 200 m og ta sti opp til høgre (her er det skilta til Botnasætra). Då kjem du opp til utsiktsplassen med bordet. Setra ligg 50 m vest for utsiktspunktet, i enden av vegen. Det er B-ruta du finn i denne turomtalen. C - følg vegen heilt rundt. Då kjem du også til utsiktspunktet og setra.
Returen kan du ta på skogsvegen om du vil. Mange likar å gå den brattaste delen ned att på skogsvegen og så inn på råsa midtvegs, ved drikkesteinen. Her er det skilta og merka inn til gamleråsa. Det er også skilta frå råsa og inn på skogsvegen der den brattaste delen av gamleråsa startar, om lag midtvegs.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1,0 |
Sti | 1,18 |