English

Botnasætra

Volda

Kort om turen

Turen ligg sentrumsnært, er lett tilgjengeleg og egnar seg både som familie- og trimtur. Det er flott utsikt over Volda

Rutebeskrivelse

Start ved parkeringsplassen ved golfbana. Ta av på vegen som går opp mellom golfbanene like etter treet med ei hytte oppi. Like etter grinda, tek du vegen til høgre. Her står det eit skilt merka Huldresvingane/Himmelvegen. Vegen slynger seg nokså bratt opp til Botnasetra. Halvvegs er det fint å stoppe og ta ei drikkepause ved “Huldrekjelda” som kjem ut av ein stein. Det kan vere lurt å lade batteria her, for no ventar nokre bratte bakkar før det flatar ut mot slutten. Det tek omlag ein time frå Vassbotnen og opp til setra, men sidan vegen er bratt, kan det vere store variasjonar med omsyn til kor lang tid ein treng. Botnasetra har ein fin setrevoll og det er fin utsikt mot Volda. Når du skal ned att, kan du følge sti som går ned til eit vatn som er demt opp. Stien deler seg i starten; ta den som går til venstre. Du kjem ned att på vegen og følger denne ned att der du kom opp.Vil du gå ein litt lenger tur, kan du gå til Skarphornet (695 moh) som ligg på enden av ryggen som går sørover for Botnasetra. Det er ikkje tydeleg sti opp til ryggen, men likevel greit å gå. På ryggen er det sti og lett å gå.

Adkomst og parkering

Turen startar i Vassbotnen, i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du RV651/E39 mot Fyrde. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda. Ta etterkvart av mot Vassbotnen og Golfbane. Det er oftast god plass på parkeringsplassen ved golfbana. Det er også plass til 8-10 bilar oppe ved grinda der skogsvegen startar.
Fottur
Blå
Lengde
5,3 km tur/retur
Stigning
395 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,3

Offentlig transport

Det er ikkje offentleg transport, men det er lett å sykle langs sørsida av Rotevatnet for å kome til start

Annet

Ta gjerne avstikkaren til Kråkenakken. Ruta er godt merka

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda (2013)

Lenke til turbeskrivelse

Ti Turmål Volda kommune 2013
Kjørebeskrivelse
Print ut