English

Botnasætra - skogsvegen

Volda

Kort om turen

Turen ligg sentrumsnært, er lett tilgjengeleg og er ein populær familie- og trimtur. Det er flott utsikt over Volda

Ruteskildring

Start ved turtavle og skilt til m.a. Botnasætra. Gå opp vegen langs golfbana. Like etter grinda, tek du vegen til høgre (følg skilt). Du skal følge denne skogsvegen heilt opp til Botnasætra. Halvvegs er det fint å stoppe og ta ei drikkepause ved “Huldrekjelda” som kjem ut av ein stein. Her kan du gå inn på gamleråsa om du vil (skilta/merka)

Det kan vere lurt å lade batteria her, for no ventar nokre bratte bakkar før det flatar ut mot slutten. Ta av på sti til Botnasætra like før du er framme. Det er skilta. Ev. kan du følge vegen heilt fram til turmålet.

Det tek om lag ein time frå Vassbotnen og opp til setra, men sidan vegen tidvis er bratt, kan det vere store variasjonar med omsyn til kor lang tid ein treng. Botnasætra har ein fin setrevoll og det er fin utsikt mot Volda. Vil du gå ein litt lenger tur, kan du gå til Skarphornet (695 moh) som ligg på enden av ryggen som går sørover for Botnasætra. Det er merka og det er difor greit å finne ruta, og stien er stort sett god.

Vil du ta ei anna rute ned att, kan du gå over til Høgedalen og til Vassbotnen og tilbake til start langs vegen ved Rotevatnet. Ruta er merka

Tilkomst og parkering

Turen startar i Vassbotnen, i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du E39 retning Stryn. I rundkjøringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda (følg Vikebygdvegen). Ta av mot Vassbotnen og Golfbane etter ca. 1,5 km. Køyr forbi parkeringsplassen til golfbana og forbi eit gardstun. Det er plass til 4-5 bilar oppe ved grinda der skogsvegen startar. Du kan også parkere på parkeringsplassen ved Botnasanden, 3-400 m forbi turtavla og skilta

Fottur
Blå
Lengde
2,66 km en vei
Stigning
392 m
Tidsbruk
1 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
454 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2, 5
Sti 0,16

Offentleg transport

Det er ikkje offentleg transport, men det er lett å sykle langs sørsida av Rotevatnet for å kome til start

Anna

Botnasætra kan vere utgangspunkt for mange turar. Ta gjerne ein avstikkar til Kråkenakken. Ruta er godt merka

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda (2013)

Lenke til turskildring

Du kan også velge å gå gamleråsa: https://morotur.no/tur/botnasaetra-paa-gamle-setrestien
Køyreskildring
Print ut