English

Vestrefjellet i Ørskog på ski

Ålesund

Kort om turen

Ein lett og variert tur på fjellski. Toppen av Vestrefjellet er flatt og fint. Varde markerer toppen. Frå toppen har du flott utsikt over Storfjorden, Snaufjellet mot nordvest, Geitanibba og Høgsvora mot nordaust og Lauparen og Grytavasstind i søraust. Mot sør er det Skorkjene, Midmorgongshornet og Stamneshornet som er nærmast.

Ruteskildring

Følg sætrevegen mot Sollisætra og Vipp hytta frå parkeringsplassen (ein knapp km). Du kan enten gå sør for VIPP-hytta og via den øvste hytta på Sollisætra, – eller du kan gå mot Kvanndalen / Høgsvora til du kjem om lag opp til høgspentlina. Uansett må du så vidare på skrå over dalen mot nordvest. Sikt deg inn vest for Sætrefjellet. Deretter skal du halde fram vidare mot nordvest og opp skaret. Gå i ein bue nordvest for å unngå dei brattaste bakkane til toppen. Du ser ikkje varden på Vestrefjellet før du er nesten oppe. Stikk ut Ski merkinga finn du ved varden. 3-400 meter frå toppen mot nordvest er det bratt ned til Skarbøbotnen. Unngå å gå her. 

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Etter 4 km. kjem du til Vaksvikfjellet camping. Her er det også ein stor parkeringsplass (VIPPS p-avgift). Turen startar på andre siden av bilvegen og går på sætrevegen til Sollisætra. 

Skitur
Blå Fjell
Lengde
3,25 km en vei
Stigning
384 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
686 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 1

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut