English

Vardehornet via Dinglavatnet

Volda

Kort om turen

Turmålet ligg midt i eit populært turområde nord for Volda sentrum. Mange ruter fører til turmålet. Denne turomtalen følger skogsveg (Prestesætrevegen) til Dinglavatnet og så på sti derifrå til Vardehornet. Flott utsikt på toppen til mellom anna Volda sentrum og Folkestad. Fin familie-, trim- eller etterjobbtur.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen ved eit nytt byggefelt (Håmyra). Gå på grusveg (Prestesætrevegen) heile vegen til Dinglavatnet, litt over 3 km. Undervegs passerer du Prestesætra og Prestesæterhuken der det er fint å ta ein stopp. Du passerer også ei lita raud hytte om lag halvvegs. Sjå etter minnesteinen over dei "falne" i Røyshyttebakken (hoppbakke).

Gå heilt opp til deminga ved Dinglavatnet. Herifrå går stien på ryggen vestover til Vardehornet (skilta).

 

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum med bil: Køyr E39 retning Stryn. Ved rundkøyringa ved høgskulen køyrer du rett fram på Vikebygdvegen. Ta så første veg til venstre (Heltnevegen) og så Raudemyrvegen nesten til endes, til du kjem til Håmyra byggefelt (nytt). Totalt ca 3 km. Parkering ved turstart. Du kan gå til start frå dei fleste plassar i Volda sentrum.
Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
432 m
Tidsbruk
1 t 15 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
598 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3

Kart

Nærturkart Volda - kan kjøpast lokalt (Intersport og Norli) og norgeskart.no

Lenke til turskildring

Alternativ rute til Vardehornet: https://morotur.no/tur/vardehornet-i-volda2
Køyreskildring
Print ut