English

Vardehornet i Volda

Volda

Kort om turen

Turmålet ligg midt i eit populært turområde nord for Volda sentrum. Mange ruter fører til turmålet. Denne turomtalen går frå Håmyra og stort sett på sti til topps. Flott utsikt på toppen til m.a. Volda sentrum og Folkestadferga. Fin trimtur eller etterjobb-tur.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen ved eit nytt byggefelt (Håmyra). Gå på grusveg (Prestesætrevegen) ca 250 m, til første svingen. Her tek du av på sti på høgre side av Håmyrelva (skilta). Følg stien til du kjem opp på ein eldre skogsveg. Ta til høgre og følg skogsvegen knapt 150 m til du kjem til skilt som viser til Vardehornet.

Følg stien gjennom hogstfeltet og inn i skogen. Følg retningspil i skogen. Når du kjem ut av skogen er det eit nytt hogstfelt. Følg raude merkepinnar i hogstfelta. Så går du vidare i lauvskog, og stien går etter kvart på ein rygg. Snart ser du turmålet. Gå over eit kort myrområde. Her passerer du ei opplysningstavle som fortel om Myrbergbakken, ein hoppbakke som var mykje i bruk i tidlegare tider. Det er god og tydeleg sti vidare til topps. Du kjem først til ein varde. Gå litt vidare så kjem du heilt bak på Vardehornet.

Frå Vardehornet kan du ta austover og følge sti til Dinglavatnet og så grusvegen ned att til start (Prestesætrevegen). Du kan også ta vestover og ta turen vidare mot Ring/Niven/Tverrberget. Her er mange turalternativ.

I denne turomtalen tek vi same vegen ned att heilt til du kjem ned til den eldre skogsvegen der det er skilta til Vardehornet. Her tek du til venstre og følger vegen til du kjem til Prestesætrevegen, ta til høgre og følg vegen ned til Prestesætra. Her er det ein flott gapahuk som Rotary har bygd. På vestsida av sletta ved gapahuken går det ein sti som du kan følge til du igjen kjem inn på Prestesætrevegen. Så følger du denne vegen ned til start. Du kan også velge å følge vegen frå Prestesætra og ned att.

 

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum med bil: Køyr E39 retning Stryn. Ved rundkøyringa ved høgskulen køyrer du rett fram (Vikebygdvegen). Ta første veg til venstre (Heltnevegen) og så Raudemyrvegen nesten til endes, til du kjem til Håmyra byggefelt (nytt). Totalt ca 3 km. Parkering ved turstart. Du kan også gå til start frå dei fleste plassar i Volda sentrum.

Fottur
Blå
Lengde
4 km tur/retur
Stigning
441 m
Tidsbruk
2 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
589 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 3

Offentleg transport

Ringruta i Volda - frammr.no

Anna

Alternativ rute: Følg Prestesætrevegen til Dinglavatnet og følge ryggen derifrå vestover til Vardehornet. Sjå turskildring for denne ruta her:Vardehornet via Dinglavatnet. Ved å følge denne ned att får du ein rundtur

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut