English

Vadsteinsætra (Vassteinsætra) - skitur

Volda

Kort om turen

Turen til Vadsteinsætra er ein forholdsvis lett skitur som går inn koselige Rotevassdalen, til Vassteinvatnet og vidare til Vadsteinsætra. Det kan vere fint å ta eit stopp på setra, kanskje nyte ein kopp kaffi eller kakao, før du tek turen tilbake til start.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen på Krøvelseidet, ved grenseskiltet mellom Volda og Ørsta. Skilt viser vegen.

Løypa gir stort sett seg sjølv innover dalen. Sjå etter blå merke i trea eller staur med blåmaling. Når du nærmar deg Rotevassætra kan du velge om du tek av like før, v/skilt, eller om du går via Rotevassætra. Frå Rotevassætra går du vidare mot vest, 200-300 m, for å kome over til løypa igjen. Viss ikkje trakkemaskina har laga spor, lagar du ditt eige spor. Du møter løypa om lag ved ei bru. Her startar ein liten bakke som du skal opp. Ved skilt på toppen av bakken, kan du velge om du vil gå rett fram (til Vadsteinvatnet) eller til venstre (til Knutsdalen). Begge ruter fører opp til Vassteinvatnet, som du skal passere. Du må sjølv vurdere om isen er så trygg at du kan gå over vatnet. Er du usikker, fyl du kanten av vatnet. Hugs å gjere eigne vurderingar!! I denne turomtalen går sporet på austsida, men du kan også gå på vestsida. Når du har kome til andre sida av vatnet skal du gå litt vidare, ca. 300 m, og etter kvart svinge til høgre (mot vest). Snart ser du setra. Her er det tre sel og det er fint å finne seg ein pauseplass.

Volda skisenter køyrer trakkemaskin og legg spor inn Rotevassdalen når snøtilhøva tillet det. Oftast trakkar dei til Rotevassætra, men også lenger om det er mulig. Sjekk https://www.skisporet.no/map for oppdatert informasjon.

Du må altså rekne med at det ikkje alltid er lagt preparert spor. Men det er flott å lage eigne spor eller gå i andre sine. 

Om du lurer på snøtilhøva, kan du sjekke Melshornets venner på Facebook, eller voldaskisenter.no.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyr mot Stryn på E39. I ei rundkøyring like etter Volda Campus Sparebank1 Arena, tek du av til Vikebygda på Vikebygdvegen. Følg denne i knapt 5 km til du kjem til ein parkeringsplass på høgre side av vegen, der Vikebygdvegen møter Krøvelseidet (grensa mellom Volda/Ørsta). Turen startar her, så her kan du parkere. På motsett side av vegen startar løypa til Melshornet. Ved stor utfart, må ein kanskje parkere langs vegen,eller ved ei lomme der vegen går opp til Volda skisenter

Skitur
Blå Løype
Lengde
11,79 km tur/retur
Stigning
386 m
Tidsbruk
3 t
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
535 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Du kan starte turen frå Botnavegen og følge skogsvegen til Rotevassætra. Dei fleste vil då kunne klare seg utan bil. Turen blir litt lenger, men det er eit fint alternativ.

Anna

På Rotevassætra er dei ei grindløde som er opa for alle. 

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut