{"id":2892,"created_at":"2023-12-27T07:35:50.000000Z","updated_at":"2023-12-27T06:35:50.000000Z","slug":"vadsteinsaetra-skitur","name":"Vadsteins\u00e6tra (Vassteins\u00e6tra) - skitur","municipalities":["Volda"],"tour_type":[{"id":1,"name":"Skitur"}],"tour_ski":[{"id":1,"name":"L\u00f8ypeski - turer i preparerte l\u00f8yper."}],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":"Friluftsforeninga Volda og Volda kommune","seasons":["Vinter"],"tour_description":"Turen til Vadsteins&aelig;tra er ein forholdsvis lett skitur som g&aring;r inn koselige Rotevassdalen, til Vassteinvatnet og vidare til Vadsteins&aelig;tra. Det kan vere fint &aring; ta eit stopp p&aring; setra, kanskje nyte ein kopp kaffi eller kakao, f&oslash;r du tek turen tilbake til start.","tour_description_html":"<p>Turen til Vadsteins&aelig;tra er ein forholdsvis lett skitur som g&aring;r inn koselige Rotevassdalen, til Vassteinvatnet og vidare til Vadsteins&aelig;tra. Det kan vere fint &aring; ta eit stopp p&aring; setra, kanskje nyte ein kopp kaffi eller kakao, f&oslash;r du tek turen tilbake til start.<\/p>","directions":"<p>Start fr&aring; parkeringsplassen p&aring; Kr&oslash;velseidet, ved grenseskiltet mellom Volda og &Oslash;rsta. Skilt viser vegen.<\/p>\r\n<p>L&oslash;ypa gir stort sett seg sj&oslash;lv innover dalen. Sj&aring; etter bl&aring; merke i&nbsp;trea eller staur med bl&aring;maling. N&aring;r du n&aelig;rmar deg Rotevass&aelig;tra kan du velge om du tek av like f&oslash;r, v\/skilt, eller om du g&aring;r via Rotevass&aelig;tra. Fr&aring; Rotevass&aelig;tra g&aring;r du vidare mot vest,&nbsp;200-300 m, for &aring; kome over til l&oslash;ypa igjen. Viss ikkje trakkemaskina har laga spor, lagar du ditt eige spor. Du m&oslash;ter l&oslash;ypa om lag ved ei bru. Her startar ein liten bakke som du skal opp. Ved skilt p&aring; toppen av bakken, kan du velge om du vil g&aring; rett fram (til Vadsteinvatnet) eller til venstre (til Knutsdalen). Begge ruter f&oslash;rer opp til Vassteinvatnet, som du skal passere. Du m&aring; sj&oslash;lv vurdere om isen er s&aring; trygg at du kan g&aring; over vatnet. Er du usikker, fyl du kanten av vatnet. Hugs &aring; gjere eigne vurderingar!! I denne turomtalen g&aring;r sporet p&aring; austsida, men du kan ogs&aring; g&aring; p&aring; vestsida. N&aring;r du har kome til andre sida av vatnet skal du g&aring; litt vidare, ca. 300 m, og etter kvart svinge til h&oslash;gre (mot vest). Snart ser du setra. Her er det tre sel og det er fint &aring; finne seg ein pauseplass.<\/p>\r\n<p>Volda skisenter&nbsp;k&oslash;yrer trakkemaskin og legg spor inn Rotevassdalen n&aring;r sn&oslash;tilh&oslash;va tillet det. Oftast trakkar dei til Rotevass&aelig;tra, men ogs&aring; lenger om det er mulig. Sjekk <a href=\"https:\/\/www.skisporet.no\/map\">https:\/\/www.skisporet.no\/map<\/a>&nbsp;for oppdatert informasjon.<\/p>\r\n<p>Du m&aring; alts&aring; rekne med at det ikkje alltid er lagt preparert spor. Men det er flott &aring; lage eigne spor eller g&aring; i andre sine.&nbsp;<\/p>\r\n<p>Om du lurer p&aring; sn&oslash;tilh&oslash;va, kan du sjekke&nbsp;<em>Melshornets venner&nbsp;<\/em>p&aring; Facebook, eller <em><a href=\"https:\/\/www.voldaskisenter.no\/\">voldaskisenter.no<\/a>.<\/em><\/p>","start_point":"<p>Fr&aring; Volda sentrum k&oslash;yr mot Stryn p&aring; E39. I ei rundk&oslash;yring like etter Volda Campus Sparebank1 Arena, tek du av til Vikebygda p&aring; Vikebygdvegen. F&oslash;lg denne i knapt 5 km til du kjem til ein parkeringsplass p&aring; h&oslash;gre side av vegen, der Vikebygdvegen m&oslash;ter Kr&oslash;velseidet (grensa mellom Volda\/&Oslash;rsta). Turen startar her, s&aring; her kan du parkere. P&aring; motsett side av vegen startar l&oslash;ypa til Melshornet. Ved stor utfart, m&aring; ein kanskje parkere langs vegen,eller ved ei lomme der vegen g&aring;r opp til Volda skisenter<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"3 t","public_transport":"Du kan starte turen fr\u00e5 Botnavegen og f\u00f8lge skogsvegen til Rotevass\u00e6tra. Dei fleste vil d\u00e5 kunne klare seg utan bil. \r\nTuren blir litt lenger, men det er eit fint alternativ.","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"<p>P&aring; Rotevass&aelig;tra er dei ei grindl&oslash;de som er opa for alle.&nbsp;<\/p>","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"norgeskart.no","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}