English

Tordalen

Volda

Kort om turen

Tordalen er ei skjult perle mellom to kjende og markante fjell; StoreToren og LisjeToren. To nye trebruer har no gjort denne særmerkte dalen mykje lettare tilgjengeleg. Lett tur som passar for dei aller fleste. 

Ruteskildring

Startpunktet for turen er langs Laudalsvegen, sjå etter det grøne turskiltet. Stien vart rydda og merka i 2021 etter at bruene vart etablerte. Her er difor ikkje så tydeleg trakk enno, men her er godt merka og lett å finne fram.

Turen startar i nedoverbakke i bjørkeskogen dei første 200m til trebrua over Laurdalselva. Når ein har kryssa der, går ein i slak, jamn stigning oppover på nordsida av Tordalselva. Om lag midtvegs i lia kjem ein til den neste trebrua og kryssar den over på sørsida av elva. Stien vidare går  i fjellbjørk og lyng opp til det flatar av. Innover i dalen er det ein del sauestiar og mest skoglaust. Fint å raste, både når ein kjem inn til vatnet og heilt inne i botnen.

I Tordalsvatnet er der fisk, dei er ganske sky og ikkje så mange. Info om fiskekort står ved ved vegbommen.  

Tilkomst og parkering

Grei plass til nokre bilar ved stistart, 400m før enden av Laurdalsvegen. Inne på vegenden er der god parkering og snuplass.

Fottur
Grønn
Lengde
1,47 km en vei
Stigning
167 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
571 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller kontant
Køyreskildring
Print ut