{"id":2608,"created_at":"2022-08-04T08:43:56.000000Z","updated_at":"2022-08-04T06:43:56.000000Z","slug":"tordalen","name":"Tordalen","municipalities":["Volda"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Hans Peter Eidseflot","seasons":["Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Tordalen er ei skjult perle mellom to kjende og markante fjell; StoreToren og LisjeToren. To nye trebruer har no gjort denne s&aelig;rmerkte dalen mykje lettare tilgjengeleg. Lett tur som passar for dei aller fleste.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Tordalen er ei skjult perle mellom to kjende og markante fjell; StoreToren og LisjeToren. To nye trebruer har no gjort denne s&aelig;rmerkte dalen mykje lettare tilgjengeleg. Lett tur som passar for dei aller fleste.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Startpunktet for turen er langs Laudalsvegen, sj&aring; etter det gr&oslash;ne turskiltet. Stien vart rydda og merka i 2021 etter at bruene vart etablerte. Her er difor ikkje s&aring; tydeleg trakk enno, men her er&nbsp;godt merka og lett &aring; finne fram.<\/p>\r\n<p>Turen startar i nedoverbakke i bj&oslash;rkeskogen dei f&oslash;rste 200m til trebrua over Laurdalselva. N&aring;r ein har kryssa der, g&aring;r ein i slak, jamn stigning oppover p&aring; nordsida av Tordalselva. Om lag midtvegs&nbsp;i lia kjem ein til&nbsp;den neste trebrua og kryssar den over p&aring; s&oslash;rsida av elva. Stien vidare g&aring;r&nbsp; i fjellbj&oslash;rk og lyng opp til det flatar av. Innover i dalen er det ein del sauestiar og mest skoglaust. Fint &aring; raste, b&aring;de n&aring;r ein kjem inn til vatnet og heilt inne i botnen.<\/p>\r\n<p>I Tordalsvatnet er der fisk, dei er ganske sky og ikkje s&aring; mange. Info om fiskekort st&aring;r ved ved vegbommen. &nbsp;<\/p>","start_point":"<p>Grei plass til nokre bilar ved stistart, 400m f&oslash;r enden av Laurdalsvegen. Inne p&aring; vegenden er der god parkering og snuplass.<\/p>","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 10 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":null,"snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":true,"toll_road_payment_info":"Vipps eller kontant","conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}