English

Skusetsætra

Fjord

Kort om turen

Turen til Skusetsætra går hovudsakleg i lauvskog. Fyrste delen i ope terreng med fint utsyn mot området kring Eidsvatnet. Etter kvart går du i skog. På sætra er det berre ruinar att etter sela, men det er ein fredeleg og fin plass med fint utsyn. Det er mogleg å gå vidare på rås til Skuset. Denne etappen er noko lengre enn turen frå Eidsvatnet.

Ruteskildring

Turen startar frå rasteplassen ved Eidsvatnet. Du går fyrst innover (sørover) på ein kjerreveg langs vatnet. Like før nokre hytter svingar vi oppover mot Eidsheia. Råsa til Skusetsætra svingar av til høgre nedanfor den øvste hytta. Her står ein stolpe med pilskilt. Merk at denne råsa ikkje er så tydeleg som den som går opp til Eidsheia, og her er òg ein del gamle geiteråser og i skogen mykje hjorteråser. Pass på å følgje merkinga. Råsene i dette området er merka med raud v (v står for verdsarv).

Følg råsa på høgre side av elva. Råsa kjem inn på ein eldre anleggsveg som går opp til vasskommane på Eide, og her er det òg ei bru over elva. Du held fram oppover robben, men no dreiar råsa litt mot høgre, og høgare oppe svingar ho nordover, og skråar ut lia mot setra. Det er fint og lett terreng å gå i, sjølv om det er litt stigning. Det siste stykket mot setra går det brattare oppover, og du kjem inn på seterstølen i nedste enden.

Råsa til Skuset er merkt vidare frå øvste delen av seterstølen. Her er nokre våte parti/myrlendt, så i lette joggesko går du neppe tørrskodd. Råsa går i småkuppert trase nordover, og svingar opp på ein rygg/hammar der ho møter hovudråsa opp til Sledalen. Her er det tydeleg råd ned til Skuset. Vel du denne ruta, kan du få ein liten rundtur, men du må då følgje hovudvegen ca. 1 kilometer attende til rasteplassen ved Eidsvatnet.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du fv.63 mot Geiranger. Etter ca. ei mil kjem du til rasteplassen ved Eidsvatnet, og her er det god plass til å parkere. På plassen er det ei informasjonstavle om turmoglegheiter i området, og turpiler viser kvar du skal gå.
Fottur
Grønn
Lengde
1,47 km en vei
Stigning
260 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
713 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Offentleg transport

Det er få avgangar med buss i Eidsdal, stort sett berre skulebuss og ein avgang på ettermiddag. Såleis er det vanskeleg å basere seg på offentleg transport på denne turen - med mindre du planlegg å bruke dagen i området kring Eidsvatnet. Dèt kan vi elles tilrå. Sjekk moglege bussavgangar mellom Geiranger og Eidsdal på https://frammr.no/

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut