{"id":2109,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"skusetsaetra","name":"Skusets\u00e6tra","municipalities":["Fjord"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Eidsdal IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Turen til Skusets&aelig;tra g&aring;r hovudsakleg i lauvskog. Fyrste delen i ope terreng med fint utsyn mot omr&aring;det kring Eidsvatnet. Etter kvart g&aring;r du i skog. P&aring; s&aelig;tra er det berre ruinar att etter sela, men det er ein fredeleg og fin plass med fint utsyn. Det er mogleg &aring; g&aring; vidare p&aring; r&aring;s til Skuset. Denne etappen er noko lengre enn turen fr&aring; Eidsvatnet.","tour_description_html":"<p>Turen til Skusets&aelig;tra g&aring;r hovudsakleg i lauvskog. Fyrste delen i ope terreng med fint utsyn mot omr&aring;det kring Eidsvatnet. Etter kvart g&aring;r du i skog. P&aring; s&aelig;tra er det berre ruinar att etter sela, men det er ein fredeleg og fin plass med fint utsyn. Det er mogleg &aring; g&aring; vidare p&aring; r&aring;s til Skuset. Denne etappen er noko lengre enn turen fr&aring; Eidsvatnet.<\/p>","directions":"<p>Turen startar fr&aring; rasteplassen ved Eidsvatnet. Du g&aring;r fyrst innover (s&oslash;rover) p&aring; ein kjerreveg langs vatnet. Like f&oslash;r nokre hytter svingar vi oppover mot Eidsheia. R&aring;sa til Skusets&aelig;tra svingar av til h&oslash;gre nedanfor den &oslash;vste hytta. Her st&aring;r ein stolpe med pilskilt. Merk at denne r&aring;sa ikkje er s&aring; tydeleg som den som g&aring;r opp til Eidsheia, og her er &ograve;g ein del gamle geiter&aring;ser og i skogen mykje hjorter&aring;ser. Pass p&aring; &aring; f&oslash;lgje merkinga. R&aring;sene i dette omr&aring;det er merka med raud v (v st&aring;r for verdsarv).<\/p>\r\n<p>F&oslash;lg r&aring;sa p&aring; h&oslash;gre side av elva. R&aring;sa kjem inn p&aring; ein eldre anleggsveg som g&aring;r opp til vasskommane p&aring; Eide, og her er det &ograve;g ei bru over elva. Du held fram oppover robben, men no dreiar r&aring;sa litt mot h&oslash;gre, og h&oslash;gare oppe svingar ho nordover, og skr&aring;ar ut lia mot setra. Det er fint og lett terreng &aring; g&aring; i, sj&oslash;lv om det er litt stigning. Det siste stykket mot setra g&aring;r det brattare oppover, og du kjem inn p&aring; seterst&oslash;len i nedste enden.<\/p>\r\n<p>R&aring;sa til Skuset er merkt vidare fr&aring; &oslash;vste delen av seterst&oslash;len. Her er nokre v&aring;te parti\/myrlendt, s&aring; i lette joggesko g&aring;r du neppe t&oslash;rrskodd. R&aring;sa g&aring;r i sm&aring;kuppert trase nordover, og svingar opp p&aring; ein rygg\/hammar der ho m&oslash;ter hovudr&aring;sa opp til Sledalen. Her er det tydeleg r&aring;d ned til Skuset. Vel du denne ruta, kan du f&aring; ein liten rundtur, men du m&aring; d&aring; f&oslash;lgje hovudvegen ca. 1 kilometer attende til rasteplassen ved Eidsvatnet.<\/p>","start_point":"Fr\u00e5 ferjekaia i Eidsdal k\u00f8yrer du fv.63 mot Geiranger. Etter ca. ei mil kjem du til rasteplassen ved Eidsvatnet, og her er det god plass til \u00e5 parkere. P\u00e5 plassen er det ei informasjonstavle om turmoglegheiter i omr\u00e5det, og turpiler viser kvar du skal g\u00e5.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 30 mi","public_transport":"Det er f\u00e5 avgangar med buss i Eidsdal, stort sett berre skulebuss og ein avgang p\u00e5 ettermiddag. S\u00e5leis er det vanskeleg \u00e5 basere seg p\u00e5 offentleg transport p\u00e5 denne turen - med mindre du planlegg \u00e5 bruke dagen i omr\u00e5det kring Eidsvatnet. D\u00e8t kan vi elles tilr\u00e5. Sjekk moglege bussavgangar mellom Geiranger og Eidsdal p\u00e5 https:\/\/frammr.no\/ ","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Norddal kommune 1:50:000","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}