English

Sjå om Kjerringa hans Vik

Vanylven

Kort om turen

Ein relativt kort fjelltur med fin utsikt over Vanylvsfjorden, Nordstranda og Fiskå. Turen går på skogsveg/fjellveg, og ved enden av fjellvegen går den over i rås (sti) i lett terreng. Det er laga til rasteplassar med sitjeplassar og bord for kvar tredel av den delen av turen som går på veg.

Ruteskildring

Fra lunningsplassen (parkering) følger du vegen oppover. Omlag halvvegs på oppstigninga deler vegen seg, då tek du til venstre. Det er fleire rasteplassar med bord under oppstigninga. Ved enden av vegen trk ein av til høgre der det er skilta og merka rås (sti). Stien er stort sett tydeleg og lett å fylgje, og mindre bratt enn oppstigninga lengs grusvegen. Råsa går stort sett langs fjellkanten fram til Kjerringa hans Vik. Turen opp til Kjerringa hans Vik tek mellom 1,5 og 2 timar.

Tilkomst og parkering

Startstaden er ein lunningsplass (lagringsplass for tømmer) 6 km vest for Fiskå. Her er det gode parkeringstilhøve og det er satt opp skilt for turen her. Det står og ei infotavle med kart, foto og info om turar i dette området.
Fottur
Blå
Lengde
3,45 km en vei
Stigning
504 m
Tidsbruk
3 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
527 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 3

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut