{"id":77,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"sjaa-om-kjerringa-hans-vik","name":"Sj\u00e5 om Kjerringa hans Vik","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Fisk\u00e5 IL","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Ein relativt kort fjelltur med fin utsikt over Vanylvsfjorden, Nordstranda og Fisk&aring;.&nbsp;Turen g&aring;r p&aring; skogsveg\/fjellveg, og ved enden av fjellvegen g&aring;r den over i r&aring;s (sti) i lett terreng. Det er laga til rasteplassar med sitjeplassar og bord for kvar tredel av den delen av turen som g&aring;r p&aring; veg.","tour_description_html":"<p>Ein relativt kort fjelltur med fin utsikt over Vanylvsfjorden, Nordstranda og Fisk&aring;.&nbsp;Turen g&aring;r p&aring; skogsveg\/fjellveg, og ved enden av fjellvegen g&aring;r den over i r&aring;s (sti) i lett terreng. Det er laga til rasteplassar med sitjeplassar og bord for kvar tredel av den delen av turen som g&aring;r p&aring; veg.<\/p>","directions":"<p>Fra lunningsplassen (parkering) f&oslash;lger du vegen oppover. Omlag halvvegs p&aring; oppstigninga deler vegen seg, d&aring; tek du til venstre. Det er fleire rasteplassar med bord under oppstigninga. Ved enden av vegen trk ein av til h&oslash;gre der det er skilta og merka r&aring;s (sti). Stien er stort sett tydeleg og lett &aring; fylgje, og mindre bratt enn oppstigninga lengs grusvegen. R&aring;sa g&aring;r stort sett langs fjellkanten fram til Kjerringa hans Vik. Turen opp til Kjerringa hans Vik tek mellom 1,5 og 2 timar.<\/p>","start_point":"Startstaden er ein lunningsplass (lagringsplass for t\u00f8mmer) 6 km vest for Fisk\u00e5. Her er det gode parkeringstilh\u00f8ve og det er satt opp skilt for turen her. Det st\u00e5r og ei infotavle med kart, foto og info om turar i dette omr\u00e5det.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"Ca. 50 m fr\u00e5  lunningsplassen er det eit felt med 30 gravr\u00f8yser og ei hustuft fr\u00e5 eldre jarnalder. R\u00f8ysene og hustufta er lave, og er derfor lettast \u00e5 sj\u00e5 n\u00e5r det er lite gras p\u00e5 beitet.\r\nOppe p\u00e5 brukanten  ligg murane av ein steinfj\u00f8s. Etter det som vert sagt har den aldri vore heilt ferdig.\r\nDet merkelege namnet p\u00e5 staden har sitt opphav i at det p\u00e5 Myklebust budde ein mann som heitte Vik. Han var ugift og hadde leigt seg inn i ei lita stove der p\u00e5 sine eldre dagar. Han hadde arbeidd som servit\u00f8r og hotellmann i \u00c5lesund og skilde seg ut fr\u00e5 bygdefolket b\u00e5de i kle og verem\u00e5te. Medan  hine arbeidde, gjekk han tur b\u00e5de etter vegen og til fjells. Det vert sagt at turm\u00e5let p\u00e5  fjellet var ein stor stein med varde p\u00e5. Denne fekk etter kvart namnet Kjerring hans Vik. D\u00e5 han d\u00f8ydde fekk Vanylven kyrkje pengane til lysekrone i kyrkja.\r\n","grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"3 t. 0 min","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart for Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}