English

Rotevassdalen

Volda / Ørsta

Kort om turen

Rotevassdalen er eit flott område for skiturar. Løypa går slakt innover dalen, med ein liten, slak bakke opp til turmålet. Det er lett å ta seg fram både for store og små. Denne turen går halvvegs til Rotevassætra. Her er det fint å lage ein liten bakke å ha skileik i, kanskje eit hopp, fyre opp bål og kose seg.

Ruteskildring

Start frå parkeringsplassen på Krøvelseidet, ved grenseskiltet mellom Volda og Ørsta. Det er skilta ved start.

Det er flatt terreng og det passar godt med turski, ev. langrennski. Løypa gir seg sjølv innover dalen. Sjå etter blå merke på trea. På slutten er det ein slak bakke opp til turmålet. Når det er nok snø, trakkar Volda skisenter spor inn dalen. 

Om du lurer på snøtilhøva, kan du sjekke Melshornets venner på Facebook, eller nettsida voldaskisenter.no.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyr mot Stryn på E39. I ei rundkøyring like etter Volda Campus Arena, tek du av til Vikebygda på Vikebygdvegen. Følg denne i knapt 5 km til du kjem til ein parkeringsplass på høgre side av vegen, der Vikebygdvegen møter Krøvelseidet (grensa mellom Volda/Ørsta). Turen startar her, så her kan du parkere. På motsett side av vegen startar løypa til Melshornet. Ved stor utfart, må du kanskje parkere langs vegen. Parker då godt ut til sida.

Skitur
Grønn Løype
Lengde
1,58 km en vei
Stigning
69 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
307 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Volda skisenter trakkar inn Rotevassdalen når snøtilhøva tillet det. Du må altså rekne med at det ikkje alltid er lagt prepareret spor. Men det er flott å lage eigne spor eller gå i andre sine

Kart

Sunnmørsalpane. norgeskart.no

Lenke til turskildring

Om du vil gå vidare, kan du ta turen til f.eks. Rotevassætra: https://morotur.no/tur/Rotevassdalen-til-Rotevassetra
Køyreskildring
Print ut