Rotevassdalen er eit flott område for skiturar. Løypa går slakt innover dalen, med ein bakke opp til setra til slutt. Det er lett å ta seg fram både for store og små, og det er mange fine plassar å stoppe viss ein ikkje vil gå heilt til Rotevassætra. På setra er det sett opp ei grindløde/-hytte som er opa for alle. Hugs å rydde etter deg!
Start frå parkeringsplassen på Krøvelseidet, ved grenseskiltet mellom Volda og Ørsta. Skilt viser vegen.
Det er flatt terreng og det passar godt med turski, ev. langrennski når det er køyrt opp løype. Løypa gir stort sett seg sjølv innover dalen. Sjå etter blå merke i trea. Siste kilometer av turen går på skogsveg.
Volda skisenter køyrer trakkemaskin og legg spor inn Rotevassdalen når snøtilhøva tillet det. Du må altså rekne med at det ikkje alltid er lagt preparert spor. Men det er flott å lage eigne spor eller gå i andre sine.
Om du lurer på snøtilhøva, kan du sjekke Melshornets venner på Facebook, eller nettsida voldaskisenter.no.
Når snøtilhøva tillet det, er det fint å starte turen i Botnavegen og følge skogsvegen heile vegen til Rotevassætra.
Frå Volda sentrum køyr mot Stryn på E39. I ei rundkøyring like etter Volda Campus Sparebank1 Arena, tek du av til Vikebygda på Vikebygdvegen. Følg denne i knapt 5 km til du kjem til ein parkeringsplass på høgre side av vegen, der Vikebygdvegen møter Krøvelseidet (grensa mellom Volda/Ørsta). Turen startar her, så her kan du parkere. På motsett side av vegen startar løypa til Melshornet. Ved stor utfart, må ein kanskje parkere langs veg
Rotevassdalen kan vere utgangspunkt for lengre turar: til dømes Koppefjellet, Skarphornet og Hestehornet. Det er også flott å gå vidare til Vadsteinsætra. Usikker på snøtilhøva? Sjekk desse fb-sidene, ev. Instagram: Melshornets venner, Friluftsforeninga Volda, Volda skisenter