Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, til forargelse for nokon og til glede for andre. Til forargelse fordi det skjermar for sola vinterhalvåret og til glede fordi det gir mange gode turopplevingar. Det vert hevda at du ikkje er ekte volding før du har vore på Rotsethornet. På veg mot toppen og på toppen har du flott utsikt mot Volda sentrum og områda rundt. Turen går opp den bratte "framsida". Her må du rekne med å klyve litt. Frå toppen går du bakover og ned Høgedalen. (Du kan også gå ned att Lisjedalen som er den mest vanlege og den kortaste ruta.) Det er lett å gå og ingen bratte parti, men ein flott tur gjennom bjørke- og furuskog. Stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar, men han er delvis merka og ser du deg godt rundt, vil du nok finne han.Det er naturleg å ta matpause på toppen medan ein nyt utsikta.
Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen og gå på skogsveg over tunnelopninga og opp til Kalsethola. Her startar stien opp "framsida". Fyl du stien, går du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du får hjelp av kjettingar/tau og steg som er monterte i berget. På Aksla er det naturleg å stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare opp mot toppen er det fortsatt litt bratt, men ikkje så bratt som det du har forsert til no. Du får belønning når du kjem på toppen i form av flott utsikt. Her oppe er det fint å ta pause før du går vidare bakover mot Høgedalen. På turen bakover, passerer du Toskegjølet. Ver forsiktig om du går ut på kanten her - det er langt ned! Stien er tydeleg heilt til du kjem til første stiskilje (bilde 1. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram går ned Lisjedalen, som er den mest brukte stien ned att. Du skal ta til høgre når du skal gå Høgedalen. Følg skilting. Stien er litt utydeleg i starten, men han er merka. Gå på vestsida av ei lita myr og så austover når du har passert myra. Følg sti vidare austover. Neste stiskilje er Høgedalen/Humbersetsetra (bilde 2. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er merka med skilt. Følg stien rett fram/til venstre og vidare på ryggen. Det er sti heile vegen og den er merka. Følge stien heilt ned til skogsvegen og følg denne ned att til Rotevatnet. Gå Rotevasstranda tilbake til start.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 5 |
Sti | 4,3 |