{"id":191,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"rotsethornet-hoegedalen","name":"Rotsethornet - H\u00f8gedalen","municipalities":["Volda"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"B\u00e5de skiltet og merket","marking_responsible":"Friluftsforeninga Volda\/Volda kommune","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, til forargelse for nokon og til glede for andre. Til forargelse fordi det skjermar for sola vinterhalv&aring;ret og til glede fordi det gir mange gode turopplevingar. Det vert hevda at du ikkje er ekte volding f&oslash;r du har vore p&aring; Rotsethornet. P&aring; veg mot toppen og p&aring; toppen har du flott utsikt mot Volda sentrum og omr&aring;da rundt. Turen g&aring;r opp den bratte \"framsida\". Her m&aring; du rekne med &aring; klyve litt. Fr&aring; toppen g&aring;r du bakover og ned H&oslash;gedalen. (Du kan ogs&aring; g&aring; ned att Lisjedalen som er den mest vanlege og den kortaste ruta.) Det er lett &aring; g&aring; og ingen bratte parti, men ein flott tur gjennom bj&oslash;rke- og furuskog. Stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar, men han er delvis merka og ser du deg godt rundt, vil du nok finne han.Det er naturleg &aring; ta matpause p&aring; toppen medan ein nyt utsikta.","tour_description_html":"<p>Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, til forargelse for nokon og til glede for andre. Til forargelse fordi det skjermar for sola vinterhalv&aring;ret og til glede fordi det gir mange gode turopplevingar. Det vert hevda at du ikkje er ekte volding f&oslash;r du har vore p&aring; Rotsethornet. P&aring; veg mot toppen og p&aring; toppen har du flott utsikt mot Volda sentrum og omr&aring;da rundt. Turen g&aring;r opp den bratte \"framsida\". Her m&aring; du rekne med &aring; klyve litt. Fr&aring; toppen g&aring;r du bakover og ned H&oslash;gedalen. (Du kan ogs&aring; g&aring; ned att Lisjedalen som er den mest vanlege og den kortaste ruta.) Det er lett &aring; g&aring; og ingen bratte parti, men ein flott tur gjennom bj&oslash;rke- og furuskog. Stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar, men han er delvis merka og ser du deg godt rundt, vil du nok finne han.Det er naturleg &aring; ta matpause p&aring; toppen medan ein nyt utsikta.<\/p>","directions":"<p>Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen og g&aring; p&aring; skogsveg over tunnelopninga og opp til Kalsethola. Her startar stien opp \"framsida\". Fyl du stien, g&aring;r du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du f&aring;r hjelp av kjettingar\/tau og steg som er monterte i berget. P&aring; Aksla er det naturleg &aring; stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare opp mot toppen er det fortsatt litt bratt, men ikkje s&aring; bratt som det du har forsert til no. Du f&aring;r bel&oslash;nning n&aring;r du kjem p&aring; toppen i form av flott utsikt. Her oppe er det fint &aring; ta pause f&oslash;r du g&aring;r vidare bakover mot H&oslash;gedalen. P&aring; turen bakover, passerer du Toskegj&oslash;let. Ver forsiktig om du g&aring;r ut p&aring; kanten her - det er langt ned! Stien er tydeleg heilt til du kjem til f&oslash;rste stiskilje (bilde 1. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram g&aring;r ned Lisjedalen, som er den mest brukte stien ned att. Du skal ta til h&oslash;gre n&aring;r du skal g&aring; H&oslash;gedalen. F&oslash;lg skilting. Stien er litt utydeleg i starten, men han er merka. G&aring; p&aring; vestsida av ei lita myr og s&aring; austover n&aring;r du har passert myra. F&oslash;lg sti vidare austover. Neste stiskilje er H&oslash;gedalen\/Humbersetsetra (bilde 2. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er merka med skilt. F&oslash;lg stien rett fram\/til venstre og vidare p&aring; ryggen. Det er sti heile vegen og den er merka.&nbsp; F&oslash;lge stien heilt ned til skogsvegen og f&oslash;lg denne ned att til Rotevatnet. G&aring; Rotevasstranda tilbake til start.<\/p>","start_point":"Turen startar ved tunnelopninga p\u00e5 Voldasida til Rotsethorntunnelen (p\u00e5 E39 mot Fyrde\/Kvivsvegen)\r\n\r\n\r\nParker ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":2,"name":"R\u00f8d"}],"terrain":null,"time_need":"4 t","public_transport":"Ein kan ta Ringruta til Kiwibutikken ved ei rundkj\u00f8ring ved H\u00f8gskulen og g\u00e5 omlag 1 km mot Fyrde. \r\nDet er elles fint \u00e5 sykle eller g\u00e5  til start\r\nframmr.no","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"Diverre har det skjedd d\u00f8dsulukker p\u00e5 denne ruta. Dei har skjedd n\u00e5r turg\u00e5arane har komt vekk i fr\u00e5 stien. Held du deg til stien, er turen rekna for \u00e5 vere trygg. Ogs\u00e5 born ned i 4-5-\u00e5rsalder likar denne turen. Det er kjekt \u00e5 f\u00e5 \"klatre\" litt, men dei b\u00f8r g\u00e5 i lag med trygge og turvande vaksne.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"N\u00e6rturkart for Volda. norgeskart.no","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}