Lett familietur utan dei lange motbakkane, og med sluttmålet berre 157 høgdemeter høgre enn startpunktet. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med blå merkepinnar eller blå malingflekkar på steinar eller liknande
Turen startar på Kilebrekka. Kilebrekka er det høgste punktet på vegen som går mellom Syltedalen og Sørdalen. Ein kan køyre til Kilebrekka både frå Syltedalen og Sørdalen. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med blå merkepinnar eller blå malingflekkar på steinar eller liknande. Allereie etter 200 meter får ein flott utsikt over Syltedalen og Sylte, og vidare nordover mot Fiskå. God utsikt er det jamt over heile tida fordi ein mesteparten av tida går langs ryggane mellom dei små fjelltoppane. Dette er ei av dei 3 rutene som går til Ørnetua. Av dei 2 andre rutene startar den eine fremst i Syltedalen, og den andre startar i Gusdalen på Åheim like ved olivindagbrotet til Sibelco Nordic.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 6 |