{"id":12,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"oernetua-fraa-kilebrekka-rute-69","name":"\u00d8rnetua \u2013 fr\u00e5 Kilebrekka \u2013 rute 69","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":null,"marking_responsible":null,"seasons":[null],"tour_description":"Lett familietur utan dei lange motbakkane, og med sluttm&aring;let berre 157 h&oslash;gdemeter h&oslash;gre enn startpunktet. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med bl&aring; merkepinnar eller bl&aring; malingflekkar p&aring; steinar eller liknande&nbsp;","tour_description_html":"<p>Lett familietur utan dei lange motbakkane, og med sluttm&aring;let berre 157 h&oslash;gdemeter h&oslash;gre enn startpunktet. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med bl&aring; merkepinnar eller bl&aring; malingflekkar p&aring; steinar eller liknande&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Turen startar p&aring; Kilebrekka. Kilebrekka er det h&oslash;gste punktet p&aring; vegen som g&aring;r mellom Syltedalen og S&oslash;rdalen. Ein kan k&oslash;yre til Kilebrekka b&aring;de fr&aring; Syltedalen og S&oslash;rdalen. Startpunktet er godt skilta, og turen er godt merka med bl&aring; merkepinnar eller bl&aring; malingflekkar p&aring; steinar eller liknande.&nbsp;Allereie etter 200 meter f&aring;r ein flott utsikt over Syltedalen og Sylte, og vidare nordover mot Fisk&aring;. God utsikt er det jamt over heile tida fordi ein mesteparten av tida g&aring;r langs ryggane mellom dei sm&aring; fjelltoppane. Dette er ei av dei 3 rutene som g&aring;r til &Oslash;rnetua. Av dei 2 andre rutene startar den eine fremst i Syltedalen, og den andre startar i Gusdalen p&aring; &Aring;heim like ved olivindagbrotet til Sibelco Nordic.<\/p>","start_point":"Du kan k\u00f8yre til Kilebrekka enten fr\u00e5 Syvde eller fr\u00e5 Sylte. Fr\u00e5 Syvde tek du av ved kryss med skilt mot S\u00f8rdal og k\u00f8yrer p\u00e5 asfalt forbi S\u00f8rdalsvatnet og til enden av dalen. Der er det grusveg opp til \u00d8verberg og Kilebrekka. K\u00f8yr til du n\u00e5r det h\u00f8gste punktet p\u00e5 vegen. Der er det skilta mot \u00d8rnetua.\r\n\r\nVanlegvis er det greitt \u00e5 parkere der ruta startar p\u00e5 Kilebrekka. ","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 Kilebrekka der turen startar er det framleis nokre f\u00e5 st\u00f8ylshus som st\u00e5r igjen fr\u00e5 tida med st\u00f8ylsdrift, og der er det ogs\u00e5 tydelege spor etter torvskjering. Det ligg ogs\u00e5 mykje kulturhistorie i namna p\u00e5 fjella. G\u00e5r vi langt nok tilbake i tid hadde ikkje folk klokker, og d\u00e5 var det greitt \u00e5 sj\u00e5 kor langt sola var komen i si daglege vandring for \u00e5 vite kor langt ein var komen p\u00e5 dagen. Dei som budde i Syltedalen brukte dei f\u00f8rste toppane ein g\u00e5r over som \u00absolur\u00bb. P\u00e5 turen passerer ein Daudem\u00e5lshornet (avleia fr\u00e5 Daurm\u00e5let \u2013 eit m\u00e5ltid f\u00f8r middag) og Middagshornet. Og etter Middagshornet g\u00e5r ein bortover Nonsegga. Nons var eit ettermiddagsm\u00e5ltid i ei tid der ein trong mykje mat for \u00e5 kunne halde p\u00e5 med hardt fysisk arbeid fr\u00e5 morgon til kveld. N\u00e5r ein passerer skiltet mot Bj\u00f8rnen kan ein sj\u00e5 ei stor steinblokk som st\u00e5r oppe p\u00e5 kanten av Lisjehornet. Denne steinen har namnet Kjerringa. Kjerringa er ei flyttblokk fr\u00e5 istida som har plassert seg strategisk slik at ho er synleg mot horisonten fr\u00e5  store delar av omr\u00e5det rundt. Lenger nord st\u00e5r Mannen (St\u00f8ylsmannen). Det er fri sikt mellom desse 2 steinane, og ein kan vel kanskje ane ei viss avstandsforelsking.","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 10 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}