English

Nyestøylen Syvde

Vanylven

Kort om turen

Rundtur rundt Sætrevatnet i Røfsdalen i Syvde. Det meste av turen går på god grusveg. Det er turpost ved første rasteplass etter brua i sørenden av vatnet. Heile turen er trillevennleg. 

Ruteskildring

Parker i innegjerda gratisparkering ved Sætra i Røfsdalen. Gå langs vatnet til sørenden, over brua og opp til første rasteplass der du finn turpost. Dette er den einaste rasteplassen der det er bord og benkar av både tre og stein. Etter dette er det omlag like lang strekning å gå tilbake til parkeringsplassen same veg, eller å ta ei runde rundt vatnet. Heile turen er trillevennleg.

Viss du ynskjer ein lenger versjon av av denne turen kan du gå heile Røfsdalen på langs https://morotur.no/tur/Skogsveg-Brekke-Roefsdalen Det er samanhengande rundtur på turveg frå Brekke i Syvde fram til og rundt Sætrevatnet ved Røfsdalssætra der ein både kan gå og trille.

Tilkomst og parkering

Innegjerda gratisparkering på Røfsdalssætra.

Fottur
Grønn
Lengde
3,67 km en vei
Stigning
85 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
319 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Nei

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,4
Ingen sti 0,3

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps 30 kr
Køyreskildring
Print ut