English

Skogsveg Brekke- Røfsdalen

Vanylven

Kort om turen

Skogsvegen som startar på Brekke i Syvde er ei fin turveg og har eit flott utsiktspunkt over bygda. Vegen har jamn stigning og er godt egna for dei som ynskjer ei trimløype med litt belastning. Vegen er også ideell som sykkelveg, og vil du ha ein lenger tur kan den kombinerast med ein tur innover Røfsdalen til Lundagjerde. Lengda på turen bestemmer du sjølv og avstanden frå Brekke til vegenden ved Sætrevatnet er 4,6 km. Skogsvegen går både på vestsida og austsida av Røfsdalselva, og vegen på vestsida har fastare grusdekke og soleis betre egna for dei med barnevogn.

Ruteskildring

Du kan starte på Brekke og gå- sykle skogsvegen på vestsida av Røfsdalselva til Sætrevatnet og returnere til startpunktet same vegen, eller bruke traktorvegen som går langs elva. Denne vegen møter riksvegen ved bebyggelsen på Brekke. Du kan også ta ein rundtur etter at du har vore til vegenden på vestsida av Sætrevatnet. Då går du vegen ned til elva og krysser Røfsdalselva på eit litt smal bru utan rekkverk. Herifrå kan du fortsette på skogsvegen som går frå Trøvelsletta til Djupegjølet og framover til vassverkinntaket før den kjem innpå Sætrevegen igjen lenger framme. Skogsvegen på austsida er litt brattare enn på vestsida.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde sentrum mot Sørdal, Sætrevegen startar på Smedbøen, der fylkesvegen svingar til høgre imot Sørdalen. Fortset du vidare på riksvegen passerer du brua over Røfsdalselva og bebyggelsen på Brekke. Skogsvegen startar ved fe-rista. Skal du gå skogsvegen på vestsida av Røfsdalselva kan du parkere på avkjørsel i området der vegen startar. Skal du ta ein rundtur kan du kan parkere langs Sætrevegen i området der Myklebust sameige har kassa for vegavgift. Sjå til at store køyretøy kan passere. Skal du sykle kan du utvide turen ved å parkere i Syvde sentrum.
Fottur
Grønn
Lengde
11,3 km tur/retur
Stigning
220 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.

Løype på kart

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.
Køyreskildring
Print ut