English

Litledalssætra frå Fyrde - start v/skulen

Volda

Kort om turen

Litledalssætra ligg i ein dalkop 380 m.o.h. Dette er ei av mange setrar i Austefjorden som er verdt eit besøk. På setrevollen er der ein fin samlingsplass. Ulike stiar fører til Litledalssætra. Ruta som er omtala her, startar ved skulen. Ein fin familietur.

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen ved Austefjord skule. Kryss vegen og følg smal grusveg forbi eit par hus/hytter. Det er skilta mot Lisjedalen. I enden av grusvegen går du gjennom ei grind, over ei mark og gjennom ei ny grind. Husk å late att grindene etter deg! Du kjem no inn på stien som du skal følge vidare oppover. Ved (N62° 04.144' E6° 19.608') - 200 m.o.h. - kjem du inn på stien som kjem frå byggefeltet i Fyrde. Her er det skilta til Lisjedalen. Når du nærmar deg sætra, er det eit flott utsiktspunkt (Sprengebakken). Ta deg tid til å nyte utsikta her. Siste stykket mot sætra, flatar det litt av.

Det er nokre våte parti undervegs og litt røter og berg, så det er lurt med gode sko.

Tilkomst og parkering

Følg E39 frå Volda til like før Fyrdsbergtunnelen. Ta av på Fyrdsvegen og følg denne ein knapp km til du kjem til Austefjord skule. Kjem du frå aust, tek du også av like før Fyrdsbergtunnelen og følger Fyrdsvegen ca 1.5 km. Du passerer den store padda. Det er plass til ein god del bilar på parkeringsplassen.
Fottur
Blå
Lengde
2,28 km en vei
Stigning
364 m
Tidsbruk
1t ein veg
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
378 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,1
Sti 2,1

Offentleg transport

Buss til Fyrde, ev. mellom Volda og Stryn. Nettside: frammr.no

Anna

I om lag 380 m høgde (N62° 04.496' E6° 19.684') kan du ta av til Fyrdsheida som er eit fint utsiktspunkt. Her er også flott furuskog. Turomtale: https://morotur.no/tur/fyrdsheida. Har du lyst til å gå litt lenger, er det fint å gå vidare til Norddalssætra. Det er god sti vidare.

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut