{"id":2402,"created_at":"2022-05-16T08:19:42.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:42.000000Z","slug":"litledalssaetra-fraa-fyrde-start-v-skulen","name":"Litledalss\u00e6tra fr\u00e5 Fyrde - start v\/skulen","municipalities":["Volda"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Merket","marking_responsible":"Friluftsforeninga Volda og privat merking","seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Litledalss&aelig;tra ligg i ein dalkop 380 m.o.h.&nbsp;Dette er ei av mange setrar i Austefjorden som er verdt eit bes&oslash;k. P&aring; setrevollen er der ein fin samlingsplass. Ulike stiar f&oslash;rer til Litledalss&aelig;tra. Ruta som er omtala her, startar ved skulen. Ein fin familietur.","tour_description_html":"<p>Litledalss&aelig;tra ligg i ein dalkop 380 m.o.h.&nbsp;Dette er ei av mange setrar i Austefjorden som er verdt eit bes&oslash;k. P&aring; setrevollen er der ein fin samlingsplass. Ulike stiar f&oslash;rer til Litledalss&aelig;tra. Ruta som er omtala her, startar ved skulen. Ein fin familietur.<\/p>","directions":"<p>Start ved parkeringsplassen ved Austefjord skule. Kryss vegen og f&oslash;lg smal grusveg forbi eit par hus\/hytter. Det er skilta mot Lisjedalen. I enden av grusvegen g&aring;r du gjennom ei grind, over ei mark og gjennom ei ny grind. Husk &aring; late att grindene etter deg! Du kjem no inn p&aring; stien som du skal f&oslash;lge vidare oppover. Ved (N62&deg; 04.144' E6&deg; 19.608') - 200 m.o.h. - kjem du inn p&aring; stien som kjem fr&aring; byggefeltet i Fyrde. Her er det skilta til Lisjedalen. N&aring;r du n&aelig;rmar deg s&aelig;tra, er det eit flott utsiktspunkt (Sprengebakken). Ta deg tid til &aring; nyte utsikta her. Siste stykket mot s&aelig;tra, flatar det litt av.<\/p>\r\n<p>Det er nokre v&aring;te parti undervegs og litt r&oslash;ter og berg, s&aring; det er lurt med gode sko.<\/p>","start_point":"F\u00f8lg E39 fr\u00e5 Volda til like f\u00f8r Fyrdsbergtunnelen. Ta av p\u00e5 Fyrdsvegen og f\u00f8lg denne ein knapp km til du kjem til Austefjord skule. Kjem du fr\u00e5 aust, tek du ogs\u00e5 av like f\u00f8r Fyrdsbergtunnelen og f\u00f8lger Fyrdsvegen ca 1.5 km. Du passerer den store padda. Det er plass til ein god del bilar p\u00e5 parkeringsplassen.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":1,"name":"Bl\u00e5"}],"terrain":null,"time_need":"1t ein veg","public_transport":"Buss til Fyrde, ev. mellom Volda og Stryn. Nettside: frammr.no","mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":"I om lag 380 m h\u00f8gde (N62\u00b0 04.496' E6\u00b0 19.684') kan du ta av til Fyrdsheida som er eit fint utsiktspunkt. Her er ogs\u00e5 flott furuskog. Turomtale: https:\/\/morotur.no\/tur\/fyrdsheida. \r\n\r\nHar du lyst til \u00e5 g\u00e5 litt lenger, er det fint \u00e5 g\u00e5 vidare til Norddalss\u00e6tra. Det er god sti vidare.","environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"norgeskart.no","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}