English

Kleivahammaren i Eidsdal, frå Veiberg

Fjord

Kort om turen

Turen til Kleivahammaren går på den gamle bygdavegen "Kleivane". Du går like forbi husmannsplassen Severinbrauta, og etter kvar får du godt utsyn over nedre del av Eidsdal, og over til grendene Rønneberg og Kilsti. Frå Kleivahammaren kan du gå vidare opp til Kleiva, eller ta ein rundtur via Veibergsætra til storåsen og nedatt Hjellevegane.

Ruteskildring

Dersom du parkerer i nærleiken av steinkvelvingsbrua på Øie, eller ungdomshuset "Lidarheim", følgjer du skiltinga mot Severinbrauta. Like ved dette skiltet står òg ei informasjonstavle om Severinbrauta og turmoglegheitene knytt til gamlevegen "Kleivane". 

Du går over den gamle steinkvelvingsbrua. Dette var den fyrste steinkvelvingsbrua som vart bygd i gamle Norddal kommune, og den einaste brua som stod att etter storflaumen i nedre Eidsdal i 1932. Hald fram oppover langs elva til du kjem inn på ein kjerreveg, sving så til venstre og følg vegen knapt 100 meter før du tek av til høgre gjennom ei grind. Du følgjer ei enkel rås opp bratta til husmannsplassen Severinbrauta. Plassen har ei unik historie og er vel verdt eit besøk, så ta gjerne turen ein gong her er ope så du får sett inn!

Frå Severinbrauta går du ut grinda mot nord og kan ta snarvegen beint opp langs gjerdet, så kjem du opp på gamlevegen "Kleivane". Vegen går i slynger oppover lia. Siste åra er her rydda godt med skog, så no har du fint utsyn over dalen og dei ulike grendene lågare nede. Etter kvart som du kjem høgare opp, får du òg sett meir av grendene Rønneberg og Kilsti i lisida tvers over dalen. 

Kleivahammaren ligg på ein liten kolle like etter at du har passert ei eigenarta grind i einer. Eit skilt står ved vegen og viser til høgre, omlag der gamlevegen strekkjer seg vidare oppover Kleivadalen. Når du svingar av, er det berre 30 meter bort på utsynspunktet. Her er det turpost. 

Kleivahammaren var tidlegare bålplass på jonsok, og "i gamla dagar" hende det òg at dei hadde pakkefestar her.

Frå Kleivahammaren kan du anten gå vidare oppover dalen langs gamlevegen "Kleivane", eller du kan velje råsa oppover Kleivahaugane. Ho ligg opnare til og går over høgste ryggen, parallelt med gamlevegen. I begge høve endar du på Kleiva.

Dette turmålet kan du også nå med start frå Kleiva, sjå omtalen Kleivahammaren i Eidsdal, frå Kleiva

Vil du ha ein lengre rundtur, kan du følgje gamlevegen litt lenger opp før du svingar av på merkt rås til Veibergsætra og Storås. Frå Storås følgjer du grusvegen i slynger nedatt til bygda. Sjå turomtalen her.

Tilkomst og parkering

Det er lettast å parkere på ei lita lomme ved steinkvelvingsbrua på Øie, litt framanfor avkøyringa til Veiberg. Ev. kan du setje bilen i innkøyringa til ungdomshuset Lidarheim på Øie. Det er vel 2 km å køyre hit opp frå Eidsdal sentrum.
Fottur
Grønn
Lengde
1,86 km en vei
Stigning
256 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
413 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,86

Offentleg transport

Det er få offentlege bussruter i Eidsdal, med unntak av skulebussen, så det er vanskeleg å basere turen på offentleg transport. Om du har litt ekstra tid, kan det vere fint å gå frå Eidsdal sentrum. Vel då folkestien anten via Hjellane (austsida av dalen) eller Brisesletta (vestsida). Det er skilta frå p-plassen like nedanfor Eidsdal skule.

Anna

Severinbrauta (nemnt i teksten) vart etablert i 1870-åra, og Nelly Veiberg var siste brukaren. Ho levde heile sitt liv slik generasjonane før henne hadde gjort, og moderne hjelpemiddel kom aldri i hus. Ingenting vart modernisert. Bygningen er såleis heilt intakt; ei røykstove bygd saman med ein fjøs. Særskilt for Severinbrauta er m.a. alle dei gamle tekstilane etter folket som budde der, men òg å sjå korleis alt vart tatt vare på og nytta på nye måtar.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut