English

Veiberg-Kleivahammaren-Storås rundtur

Fjord

Kort om turen

Denne rundturen er ein koseleg rundtur i skogsmark med besøk på fleire seterstølar. Vi går innom den freda husmannsplassen Severinbrauta, og mellom Veibergsætra og Storhjellsætra finn vi framleis restar etter gamle einerhagar.

Ruteskildring

Turen startar ved steinkvelvingsbrua på Øygard i Eidsdal. Her står ein informasjonstavle som fortel om turmoglegheitene i området og om husmannsplassen Severinbrauta. Det er plass til å parkere eit par bilar like ved turstarten.

Turruta går fyrst over den gamle steinkvelvingsbrua.  Vidare eit lite stykke opp langs elva, før vi kjem inn på ein traktorveg og følgjer den eit kort stykke. Nedst på bøen nedanfor husmannsplassen Severinbrauta går vi gjennom ei grind og følgjer ei rås som svingar seg oppover teigen og opp til huset. Oppe ved huset står ei informasjonstavle som fortel meir om plassen.

Frå huset held vi høgda nordover og kjem etter omlag hundre meter inn på gamlevegen opp Kleivane. Vegen slynger seg opp det bratte berget til Kleivahammaren, eit flott utsynspunkt over bygda. Vi held fram på gamlevegen oppover Kleivadalen, men kring 200-300 framanfor Kleivahammaren svingar vi av på ei rås mot aust. Det er merka mot Veibergsætra og Storås. 

Straks vi har tatt av på råsa mot Veibergsætra, må vi krysse over ei elv. Her er lagt ut nokre plankar, og for det meste går det fint. Men det kan vere utfordrande når elva er flaumstor (våren), særleg om ein har med små born. Når ein har kryssa elva, skråar råsa utover og oppover lia mot nord. Varierande stigning, men ikkje særleg bratt. Veibergsætra ligg på ei opa, slakk skråning med godt utsyn over mot høgdegardane på Rønneberg og Kilsti. 

Turen går vidare utover lia til Storhjellsætra. Her kan ein velje mellom øvsteråsa og nedsteråsa vidare til Toresætra. Begge er omlag like lange. Toresætra ligg like ved Storås. Nedst på seterstælen finn vi råsa ned til ein grusveg. Vi følgjer denne vegen i slynger nedover lia til Hjelle. Herifrå vidare på vegen til Fremstehjelle, og her svingar vi opp i det siste/fremste tunet. Råsa fram att til Veiberg går gjennom dette tunet, over ei attlege og på traktorveg attende til gardstuna på Veiberg. Hald fram på gardsvegen gjennom tuna, og du kjemattende til steinkvelvingsbrua og turstarten.

Tilkomst og parkering

Køyr fv.63 frå Eidsdal sentrum og litt forbi Veiberg. Turstarten ligg like før den fyrste 180 graders svingen framanfor Veiberg, ca. 3 km frå sentrum. Det er pr. no berre plass til eit par bilar ved turstart, men det vert arbeidd med betre løysingar.
Fottur
Blå
Lengde
11 km rundtur
Stigning
468 m
Tidsbruk
3-4 t.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
559 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 7

Offentleg transport

Frå Eidsdal sentrum kan du følgje rutebuss fram til Veiberg/Øygard, men det er få avgangar pr dag. Sjekk https://frammr.no/ Elles er det ikkje lange avstanden frå sentrum før du er inne på denne ruta. Du kan m.a. gå frå sentrum via Rongane og Nyhjelle, så er du raskt inne på ruta.

Anna

Steinmurane på Hjelle. Steinkvelvingsbrua på Øygard var den fyrste i sitt slag i Norddal.Einerhagane rett etter Veibergsætra er dei einaste registrerte i denne kommunen. Sæterhistorikken. Gamlevegen ned frå Storås - i dag naudvegen til bygda Norddal dersom rasfaren i Norddalsstranda er stor.

Kart

Turkart for Norddal kmmune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut