Dette er ein padletur i eit vakkert område med variert furu- og løvskog, lune bukter og strender ved Nålsund. Namnet kjem frå tida da troll og vetter regjerte i Norge. Trollet på Frei ville trekke Vettafjellet på andre sida av fjorden mot seg. Slik oppsto Karihavet bak Vettafjellet, ei stor bukt og ein fin plass å padle, skjerma for dei fleste vindretningar.
Ved Nålsundkanalen er det fleire fine plassar å legge ut med kajakk. Du kan legge ut fra båtslippen på vestsida av kanalen, men det er og to fine strender på østsida av kanalen det er fint å starte turen fra. Den eine stranda ligger på sørsida av Nålsundet, den andre på nordsida. Stranda på sørsida er lun og fin ved nordavind. Er vinden fra sør er den nordre stranda å foretrekke.
Den kortaste vegen sørover fra der vi legg ut, går rett over fra Nålsundet og til Børkjeneset. Ønsker du å gjera denne kryssinga kortast råd (ca. 350 meter) tek du først turen om Nastadholmen før du krysser over til Børkjeneset.
Frå Børkjeneset kjem du no inn i Langsetvågen. Har du beregna flo og fjære riktig godt er det fallende sjø, og du får strømmen med deg nedover mot Utrorslaget. Strømmen er likevel ikkje sterkare enn at det går fint an å padle mot den, spesielt om du held deg godt inne ved land. Ved utrorslaget sine lokaler er det fint å gå på land for ei pause. Utrorslaget er og eit godt alternativt startpunkt om du ønsker å starte turen frå sør og padle nordover til Nålsundkanalen. Her er det og viktig å passe på å ikkje parkere slik at du stenger båtslippen, bruk heller den store parkeringa på sørsida av Utrorslaget sine lokaler.
På heimturen er det fint å legge turen på østsida av Langsetvågen. Langsetvågen ligger fint og skjerma til, med mange hytter langs land og på dei små øyene.
Etter ca. to km padling i Langsetvågen kjem du fram til Skjerneset. Her åpner Karihavet seg nok ein gong i «all sin prakt». Vil du gjøre turen tilbake til Nålsundkanalen litt lengre kan du nå padle sørvestover, innover til idylliske Faksvågen, og så fortsette langs land nordøstover opp til Nålsundkanalen. Den som eventuelt har lyst å padle mer kan følge den trange Nålsundkanalen ut til «Storhavet». Ved nordavind kan det være artig å padle ut kanalen og prøve seg i bølgene som gjerne oppstår ved denne vindtretningen.