{"id":2477,"created_at":"2024-08-28T08:53:41.000000Z","updated_at":"2024-08-28T08:53:41.000000Z","slug":"karihavet-rundt","name":"Karihavet rundt","municipalities":["Tingvoll"],"tour_type":[{"id":3,"name":"Padletur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Ikke skiltet eller merket","marking_responsible":null,"seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er ein padletur i&nbsp;eit vakkert omr&aring;de med variert furu- og l&oslash;vskog, lune bukter og strender ved N&aring;lsund.&nbsp;Namnet kjem fr&aring; tida da troll og vetter regjerte i Norge. Trollet p&aring; Frei ville trekke Vettafjellet p&aring; andre sida av fjorden mot seg.&nbsp;Slik&nbsp;oppsto&nbsp;Karihavet bak Vettafjellet, ei stor bukt og ein fin plass &aring; padle, skjerma for dei fleste vindretningar.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Dette er ein padletur i&nbsp;eit vakkert omr&aring;de med variert furu- og l&oslash;vskog, lune bukter og strender ved N&aring;lsund.&nbsp;Namnet kjem fr&aring; tida da troll og vetter regjerte i Norge. Trollet p&aring; Frei ville trekke Vettafjellet p&aring; andre sida av fjorden mot seg.&nbsp;Slik&nbsp;oppsto&nbsp;Karihavet bak Vettafjellet, ei stor bukt og ein fin plass &aring; padle, skjerma for dei fleste vindretningar.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Ved N&aring;lsundkanalen er det fleire fine plassar &aring; legge ut med kajakk. Du kan legge ut fra b&aring;tslippen p&aring; vestsida av kanalen, men det er og to fine strender p&aring; &oslash;stsida av kanalen det er fint &aring; starte turen fra.&nbsp;Den eine stranda ligger p&aring; s&oslash;rsida av N&aring;lsundet, den andre p&aring; nordsida. Stranda p&aring; s&oslash;rsida er lun og fin ved nordavind. Er&nbsp;vinden fra s&oslash;r&nbsp;er den nordre stranda &aring; foretrekke.&nbsp;<\/p>\r\n<p>Den kortaste vegen s&oslash;rover fra der vi legg ut, g&aring;r&nbsp;rett over fra N&aring;lsundet og til B&oslash;rkjeneset. &Oslash;nsker du &aring; gjera denne kryssinga kortast r&aring;d (ca. 350 meter) tek du f&oslash;rst turen om Nastadholmen f&oslash;r du krysser over til B&oslash;rkjeneset.<\/p>\r\n<p>Fr&aring; B&oslash;rkjeneset kjem du no inn i Langsetv&aring;gen. Har du beregna flo og fj&aelig;re riktig godt er det fallende sj&oslash;, og du f&aring;r str&oslash;mmen med deg nedover mot Utrorslaget. Str&oslash;mmen er likevel ikkje sterkare enn at det g&aring;r fint an &aring; padle mot den, spesielt om du held deg godt inne ved land. Ved utrorslaget sine lokaler er det fint &aring; g&aring; p&aring; land for ei pause. Utrorslaget er og eit godt alternativt startpunkt om du &oslash;nsker &aring; starte turen fr&aring; s&oslash;r og padle nordover til N&aring;lsundkanalen. Her er det og viktig &aring; passe p&aring; &aring; ikkje parkere slik at du stenger b&aring;tslippen, bruk heller den store parkeringa p&aring; s&oslash;rsida av Utrorslaget sine lokaler.<\/p>\r\n<p>P&aring; heimturen er det fint &aring; legge turen p&aring; &oslash;stsida av Langsetv&aring;gen. Langsetv&aring;gen ligger fint og skjerma til, med mange hytter langs land og p&aring; dei sm&aring; &oslash;yene.<\/p>\r\n<p>Etter ca. to km padling&nbsp;i Langsetv&aring;gen&nbsp;kjem du fram&nbsp;til Skjerneset. Her &aring;pner Karihavet seg nok ein gong i &laquo;all sin prakt&raquo;. Vil du gj&oslash;re turen&nbsp;tilbake til N&aring;lsundkanalen litt lengre kan du n&aring; padle s&oslash;rvestover, innover til idylliske Faksv&aring;gen, og s&aring; fortsette langs land nord&oslash;stover opp til N&aring;lsundkanalen. Den som eventuelt har lyst &aring; padle mer kan f&oslash;lge&nbsp;den trange N&aring;lsundkanalen ut til &laquo;Storhavet&raquo;.&nbsp;Ved nordavind kan det v&aelig;re artig &aring; padle ut kanalen og pr&oslash;ve seg i b&oslash;lgene som&nbsp;gjerne oppst&aring;r ved denne vindtretningen.<\/p>","start_point":"En god plass \u00e5 starte denne turen p\u00e5 er ved N\u00e5lsundkanalen, helt nord for Karihavet. Parkering er godkjent av grunneigar, men grunneigar ber om at eventuelle padlerar ikkje blokkerer for at b\u00e5ter kan settast ut. Parkeringsplassen er vest for kanalen, p\u00e5 nordsida av vegen, og det er plass til tre - fire bilar.","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":null,"grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"2 t. 40 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":false,"landslides":null,"sea_conditions":"Turen foreg\u00e5r i skjerma omr\u00e5der. Det kan v\u00e6ra litt straum i Langsetv\u00e5gen, men ikkje krevejande. ","spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":null,"snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":false,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}