English

Homborsetsætra frå Vassbotnen

Volda

Kort om turen

Homborsetsætra er eit populært turmål. Denne ruta startar i austenden av Rotevatnet og går på skogsveg og på sti i fin furuskog. Undervegs passerer du Daletjønna, eit fredeleg og flott område.

OBS! Frå skilt nr. 2 til Homborsetsætra og i ein knapp km er det tildels svært gjørmete etter skogsmaskiner (2022). Lurt å unngå regnfulle dagar.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følger du vegen vidare ca 500 m, først på asfalt og så på grusveg til du kjem til turtavle "Litlesætra". Her er det skilta til Homborsetsætra. Følg skilting. Først går du på eldre skogsveg i om lag 1,5 km til du kjem til nytt skilt til Homoborsetsætra. Når du kryssar ei lita elv, går skogsvegen over til sti og du er i Løypingsskaret. Stien er merka med raude merkepinnar i trea. Du kjem snart opp til Daletjønna. Eit fredelig, vakkert område med flott furuskog. Du skal opp ei kort kneik like før Homborsetsætra, følg skilt. På Homborsetsætra er det flott å sitte nede ved ein varde og sjå utover fjorden. 

Tilkomst og parkering

Kjem du med bil frå Volda sentrum, køyrer du i retning Stryn på E39. Ved rundkøyringa like etter Volda Campus Arena, tek du av til Vikebygda på Vikebygdvegen. Ta av mot Vassbotnen og Golfbane etter ca. 1,5 km. Passer golfbanene og fortsett til du kjem til parkeringsplass. Det er ikkje parkeringsavgift. Du kan nå turstart både til fots og på sykkel. Gå eller sykle til turtavle "Litlesætra".
Fottur
Blå
Lengde
7,39 km tur/retur
Stigning
437 m
Tidsbruk
2 t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
471 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Grus 1,19
Sti 6

Offentleg transport

Ein kan kome til start både til fots og med sykkel frå Volda sentrum.

Anna

Det er også fint å starte turen frå Homborset, og eventuelt gå turen som ein overgangstur: https://morotur.no/tur/Humberset-Humbersetsaetra-Rotevatnet

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut