Ein fin, variert og lett overgangstur nær Volda sentrum. Turen går på flott hellelagd sti opp til Homborsetsetra. Ved setra er det fin utsikt og flott å raste. Vidare mot Rotevatnet går du i stille og fredeleg furuskog. Daletjørna er særleg idyllisk. Turen endar i austenden av Rotevatnet.
Start ved grinda på øversida av vegen mellom Rotsethorntunnellen og Hjartåbergtunnellen. Du går først på ein ny "geiteveg". Følg denne. Vegen svingar mot høgre og du er snart inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god merking med raude pinnar i trea. Oppe på Homborsetsetra kan du skrive deg i turboka som er ved sela, men det er finast å ta pausa på sletta framfor sela. Der er det flott utsikt! Frå sætra følger du sti vidare vestover. Det er ei bratt, kort kneik før du kjem ned på stien som går mot Rotevatnet. Ved eit tre heng det eldre skilt merka med Rotsethornet og Homborsetsetra. Her skal du følge stien nordover (ta til høgre) oppe i sida langs Daletjørna. Stien er også her merka med raude pinnar i trea. Området du er i no er svært vakkert og fredfullt. Ein flott furuskog, eit flott tjern og ingen andre lydar enn det naturen sjølv lagar. Stien vidare ned mot Rotevatnet er tydeleg og går etterkvart over til å bli ein eldre skogsveg. Følg denne heilt ned til Rotevatnet. Her i frå vel du sjølv vegen heim att. Dersom du går frå Rotevatnet og til Homborset, følger du den eldre skogsvegen heilt til du kjem til eit nytt skilt merka Homborsetsetra.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,9 |