English

Furene-Ring-Niven-Panoramavegen

Volda

Kort om turen

Denne turen er ein dagstur som høver for små og store. Ruta er for det meste godt merka, og på gode stiar og skogsvegar.

Ruteskildring

Ruta er merka med raude merkepinnar og den er skilta. Første merking finn du når de har komt inn på skogsvegen. Det er merka og skilta ved stidele og der det kan vere tvil om vegval. Der det er tydeleg skogsveg/sti, kan det vere langt mellom merka.

Frå busstoppen går de i retning Volda. Ved eit skilt (Volda 4, Bergen 350) kryssar du E39 og går rett fram på ein grusveg som er merka Privat (sjå skilt Ring 511 moh). De kan gå her, men ikkje køyre bil. Etter ca 400 m kjem de opp til ein asfaltert veg (Liaskarvegen), ta til venstre. Følg vegen til neste kryss, der går de rett fram til de kjem til ei turtavle. Gå over marka opp og litt til venstre, 150-200 m, slik eigarane har merka. Når de kjem inn på skogsvegen tek den straks ein sving nesten 180° til høgre. Følg skogsvegen vidare. Etter ei stund kjem de til skilt som viser ulike ruter til Ring. De kan gå rett fram,  og då får de ei slakkare rute, men vel de ruta til venstre, "Ring via Høgåsen" får de ei flott utsikt. Følg stien vidare til Ring; ein stor markert stein der det også er skilting vidare.

Det er greit å ta ei lita matpause her, før de går vidare mot Niven. Her er det god sti langs fjellryggen, der de ser mot Ørsta sentrum og Sunnmørsalpane, og nærtoppane Vardehornet, Melshornet, Grøthornet og Sandhornet. Når de passerer skilt "Niven 560 moh" følgjer de merkinga til høgre og går mot det vi kallar "Presteskaret". I stidelet i skaret tek de til høgre mot Volda sentrum og følgjer stien nedover mot Steinhusa. Til venstre opp i fjellsida mot Vardehornet ser de restane av "Myrbergbakken", ein av dei mange lokale hoppbakkane i Volda frå tidlegare tider.

Når de kjem til skogsbilvegen tek de til venstre og følgjer denne til Prestestra og vidare ned mot Panoramavegen. Denne følgjer de såleis austover mot Bergsvegen/Bjørnevegen, eller de kan følgje turvegen ned langs elva mot Vikebygdvegen.

Tilkomst og parkering

Furene har gode tilhøve for parkering og buss-stopp frå Volda/Ørsta. NB: De må krysse E 39, så ver obs!
Fottur
Blå
Lengde
8,48 km en vei
Stigning
502 m
Tidsbruk
5 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
560 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Grus 3
Sti 4

Offentleg transport

Buss til Furene og /eller ringruta til Uravegen/Raudemyrvegen og stien opp til Panoramavegen drifrå. (frammr.no)

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut