English

Niven (Ring) frå Furene

Volda

Kort om turen

Niven/Ring er eit populært turmål. Her er utsikt i mange retningar, og du ser rett ned på Volda/Ørsta flyplass, så her kan du følge med på fly som kjem og går. 

Ruteskildring

Ruta er merka med raude merkepinnar og den er skilta. Første merking finn du når du har komt inn på skogsvegen. Det er merka og skilta ved stidele og der det kan vere tvil om vegval. Der det er tydeleg skogsveg/sti, kan det vere langt mellom merka.

Frå busstoppen går du i retning Volda. Ved eit skilt (Volda 4, Bergen 350) kryssar du E39 og går rett fram på ein grusvegs som er merka Privat (sjå skilt Ring 511 moh). Du kan gå her, men ikkje køyre bil. Etter ca 400 m kjem du opp til ein asfaltert veg (Liaskarvegen), ta til venstre. Følg vegen til neste kryss, der går du rett fram til du kjem til ei turtavle. Gå over marka opp og litt til venstre, 150-200 m, slik eigarane har merka. Når du kjem inn på skogsvegen tek den straks ein sving nesten 180° til høgre. Følg skogsvegen vidare. Etter ei stund kjem du til skilt som viser ulike ruter til Ring. Denne turomtalen viser ruta "Ring via Nivskollen". Når du har gått totalt ca 2,8 km, tek du sti bratt opp til venstre (følg skilt). Du kan også gå rett fram, då får du ei slakkare rute til Ring, men du går glipp av flott utsikt. Dei første 100 m er brattast, men det er verdt slitet! Du kjem opp til ei hytte som faktisk er ei innebygd campingvogn. Passer denne og du er snart oppe på Nivskollen. Her er det bord og grill og flott utsikt! Følg stien vidare til Ring; sjå etter ein store markert stein så ser du kvar du skal. 

Tilkomst og parkering

Start ved busstoppen i Furene (industri-/butikkområde). Furene ligg ved E39, omlag 4 km frå Volda sentrum og 5,5 km frå Ørsta sentrum. Dersom du kjem med bil, er det fleire plassar du kan parkere.
Fottur
Blå
Lengde
3,70 km en vei
Stigning
462 m
Tidsbruk
3 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
513 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss til furene, eller sykkel https://frammr.no/

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut