Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd på dugnad av Vårbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det før sto ei gamal mjølkehytte der mjølkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turmål for dei som ikkje vil gå så langt.
Det er kjerreveg og/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og såleis lett å finne fram. Turen går på skogsveg. Startpunktet på turen er skilta. 4H-hytta kan også vere første stopp viss ein vil gå vidare til Ringefjellet, Svartetua eller Taksetnakken. Hytta ligg eit eit område som er mykje brukt til turaktivitetar.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,8 |