{"id":714,"created_at":"2022-05-16T08:19:41.000000Z","updated_at":"2022-05-16T06:19:41.000000Z","slug":"eidsaa-4h-hytta-rute-18","name":"Eids\u00e5 \u2013 4H-hytta \u2013rute 18 ","municipalities":["Vanylven"],"tour_type":[{"id":0,"name":"Fottur"}],"tour_ski":[],"tour_bicycle":[],"marking":"Skiltet","marking_responsible":null,"seasons":["V\u00e5r","Sommer","H\u00f8st"],"tour_description":"Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd p&aring; dugnad av V&aring;rbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det f&oslash;r sto ei gamal mj&oslash;lkehytte der mj&oslash;lkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turm&aring;l for dei som ikkje vil g&aring; s&aring; langt.&nbsp;","tour_description_html":"<p>Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd p&aring; dugnad av V&aring;rbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det f&oslash;r sto ei gamal mj&oslash;lkehytte der mj&oslash;lkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turm&aring;l for dei som ikkje vil g&aring; s&aring; langt.&nbsp;<\/p>","directions":"<p>Det er kjerreveg og\/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og s&aring;leis lett &aring; finne fram.&nbsp;Turen g&aring;r p&aring; skogsveg. Startpunktet p&aring; turen er skilta.&nbsp;4H-hytta kan ogs&aring; vere f&oslash;rste stopp viss ein vil g&aring; vidare til Ringefjellet, Svartetua eller Taksetnakken. Hytta ligg eit eit omr&aring;de som er mykje brukt til turaktivitetar.&nbsp;<\/p>","start_point":"For \u00e5 finne starten p\u00e5 r\u00e5sa (stien) k\u00f8yrer ein fr\u00e5 Eids\u00e5 og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til h\u00f8gre og inn p\u00e5 den gamle riksvegen. Der k\u00f8yrer ein vel 400 meter f\u00f8r ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta der det er god plass til parkering. Rett f\u00f8r vegstasjonen er det ein skarp sving til h\u00f8gre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei f\u00f8rste skilta i retning Taksetnakken. ","cultural_monuments":false,"cultural_monuments_description":"P\u00e5 veg mot 4H-hytta g\u00e5r ein forbi ein stad der det st\u00e5r Sessane p\u00e5 eit skilt. Dette er ein av dei mange kvilestadane rundt om i Vanylven for dei som bar mj\u00f8lk fr\u00e5 st\u00f8ylen (s\u00e6tra) og ned att i bygda morgon og kveld. Slike plassar var det vanlegvis oppmurte sitjeplassar der ein kunne kvile beina utan \u00e5 m\u00e5tte ta av seg hylkjet som ein bar mj\u00f8lka i. Truleg var det meir behov for kvile p\u00e5 veg ned fr\u00e5 st\u00f8ylen med tung last enn det var p\u00e5 veg oppover.\r\n\r\nG\u00e5r ein litt forbi 4H-hytta finn ein kanskje restane av den oppmurte brua over elva som vart brukt n\u00e5r ein skulle k\u00f8yre heim torv til brensel med hest. Omr\u00e5det oppover mot og rundt 4H-hytta vart brukt til torvskjering heilt fram til rundt 1960.\r\n\r\nP\u00e5 veg tilbake fr\u00e5 4H-hytta kan ein leite etter restar av gamle murar i omr\u00e5det nedanfor Sessane. Dett er restane av fjellgarden Nakkeb\u00f8en som l\u00e5g nordvestsida av Taksetnakken.\r\n","grading":[{"id":0,"name":"Gr\u00f8nn"}],"terrain":null,"time_need":"1 t. 35 mi","public_transport":null,"mobile_coverage":true,"landslides":null,"sea_conditions":null,"spiecial_conditions":null,"environmental_check_date":null,"environmental_check_note":null,"map_description":"Turkart: P\u00e5 tur i Vanylven \u2013 kan kj\u00f8past i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven","snowmap":false,"competition_opening":null,"competition_opening_winter":null,"competition_opening_comment":null,"uploaded_map":true,"stikkut":false,"toll_road":false,"toll_road_payment_info":null,"conditions":{"user_familiar_with_conditions":true,"consent_people_on_photos":true,"consent_api":true}}