English

Nærtur Syvde - Brekkesvingen utsiktspunkt

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein kort og grei tur på velhalden grusa skogsveg frå Brekke og opp til sving nr 2 på vegen. Her er det beste utsiktspunktet på skogsbilvegen. Lettaste alternativ er å gå skogsvegen tur/retur. Meir variasjon får ein om ein går ein rundtur slik oversiktsbiletet viser og går opp Hesteråsa. Hesteråsa går på tørr og fast grusrygg. 

Ruteskildring

Frå parkeringa kan ein anten gå tur/retur opp skogsvegen. Turen blir då 2,8 km. Alternativet med mest variasjon undervegs er å gå tilbake i retning mot Syvde i 430 meter. Der tek ein til høgre på grusveg og går nesten 500 meter på grusveg før ein tek av gjennom ei lita grøn grind på høgre side av vegen og opp hesteråsa. Her er det god sti på tørt og fast underlag.

NB! Grusvegen ved husa er privat veg og skal IKKJE brukast til bilkøyring eller parkering.

Vel framme i Brekkesvingen ser ein kulturlandskapet på Brekke og Myklebust som er ei av dei 2 store landbruksflatene i Syvde, og vidare utover ser ein Syvdefjorden og områda rundt fjorden. Skogsvegen er vanlegvis i så god forfatning at ein kan både gå og sykle turen, og ein tur med barnevogn vil truleg også gå bra. Dette er ein lang motbakke, men den er ikkje veldig bratt. I sving nr 2 er det plassert turkasse.

For å kome til startpunktet på turen tek ein av frå hovudvegen der det er skilta mot Saurdal 450 meter sørvest for kyrkja i Syvde. Køyr sørover i 1 km. Då kjem ein til eit kryss der det ikkje er skilta. Ta til høgre i retning Saurdalen på asfaltert veg. Tek ein feil i krysset kjem ein etter kvart til Røfsdalen (Ripsdalen) med grusveg. Når ein nærmar seg startpunktet ser ein Saurdalsvatnet på høgre side av vegen, og startpunktet er nokre få meter forbi den første kufella (ferista) på veg mot Saurdalen. Avstanden frå hovudvegen og fram til startpunktet er 1,8 km.

Tilkomst og parkering

Vanlegvis går det greitt å parkere ved ferista (kufella) ved starten av skogsvegen. Viss ein parkerer ved starten av skogsvegen er det VIKTIG å ikkje parkere slik at ein hindrar bruk av porten ved sida av ferista (kufella). Gjer ein det hindrar ein t.d. at hestar kan gå gjennom porten. Ein kan eventuelt parkere i Syvde sentrum og gå vegen over Myklebust. Då blir turen ca 6 km lang. 

Fottur
Grønn
Lengde
2 km rundtur
Stigning
142 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
166 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2

Anna

Denne turen er ein del av http://morotur.no/Morotur/Turar/Skogsveg-Brekke-Roefsdalen som er ei lenger runde i området frå Brekka og framover Røfsdalen. I Brekkesvingen er det skilta mot Seten. Dette er ein relativt bratt tur opp til fjellet Seten. Der er det flat rygg eit stykke for ein litt bratt overgang til Kyrfjellet. Frå Kyrfjellet er det lettgått terreng vidare til Øverberg om ein ynskjer å prøve den ruta.

Køyreskildring
Print ut