Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Skogsveg Brekke- Røfsdalen

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

11,3

Total lengde rundtur (km)

11,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå utsiktspunktet går vegen omkransa av bjørkeskog.
Utsikt framover Røfsdalen.
Stor granskog og utsikt imot Syvde.
I svingen er det fint utsiktspunkt over Syvde.

Skogsveg Brekke- Røfsdalen

Kvifor gå denne turen?

Skogsvegen som startar på Brekke i Syvde er ei fin turveg og har eit flott utsiktspunkt over bygda. Vegen har jamn stigning og er godt egna for dei som ynskjer ei trimløype med litt belastning. Vegen er også ideell som sykkelveg, og vil du ha ein lenger tur kan den kombinerast med ein tur innover Røfsdalen til Lundagjerde. Lengda på turen bestemmer du sjølv og avstanden frå Brekke til vegenden ved Sætrevatnet er 4,6 km. Skogsvegen går både på vestsida og austsida av Røfsdalselva, og vegen på vestsida har fastare grusdekke og soleis betre egna for dei med barnevogn.

Kvar i terrenget går turen?

Du kan starte på Brekke og gå- sykle skogsvegen på vestsida av Røfsdalselva til Sætrevatnet og returnere til startpunktet same vegen, eller bruke traktorvegen som går langs elva. Denne vegen møter riksvegen ved bebyggelsen på Brekke. Du kan også ta ein rundtur etter at du har vore til vegenden på vestsida av Sætrevatnet. Då går du vegen ned til elva og krysser Røfsdalselva på eit litt smal bru utan rekkverk. Herifrå kan du fortsette på skogsvegen som går frå Trøvelsletta til Djupegjølet og framover til vassverkinntaket før den kjem innpå Sætrevegen igjen lenger framme. Skogsvegen på austsida er litt brattare enn på vestsida.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum mot Sørdal, Sætrevegen startar på Smedbøen, der fylkesvegen svingar til høgre imot Sørdalen. Fortset du vidare på riksvegen passerer du brua over Røfsdalselva og bebyggelsen på Brekke. Skogsvegen startar ved fe-rista.

Kvar kan du parkere?

Skal du gå skogsvegen på vestsida av Røfsdalselva kan du parkere på avkjørsel i området der vegen startar. Skal du ta ein rundtur kan du kan parkere langs Sætrevegen i området der Myklebust sameige har kassa for vegavgift. Sjå til at store køyretøy kan passere. Skal du sykle kan du utvide turen ved å parkere i Syvde sentrum.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 6,5
Lengde tur/retur (km) 11,3
Total lengde rundtur (km) 11,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 300 15
Total stigning 220 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.