English

Apalviksætra frå Fylling

Ålesund

Kort om turen

Dette er den kortaste ruta til Apalviksætra og ein går stort sett i motbakke opp til sætra, med tilsvarande nedoverbakkar på returen for dei som liker å renne. Vel framme på Apalviksætra vil ein kunne nyte god utsikt mot vest, og oppleve eit innbydande stølsmiljø med små sætrebuer. Sætredrifta vart utfasa på 1950-talet.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen i starten av sætrevegen. Løypa følger vegen til Steinsetsætra opp til første krysset der ein tek av til høgre. Deretter er det eit stykke kupert terreng før ein kjem opp til løypekrysset i Albuskaret der ein tek til venstre. Rett før ein er framme på på sætra kjem løypa inn på sætrevegen til Apalviksætra og følger denne opp siste bakken.

Ein kan også gå fra Skodje kyrkje; Apalsviksetra frå Skodje kyrkje

 

Tilkomst og parkering

Kjør til Skodje sentrum og ta av mot Engesetdalen. Det er offentleg parkeringsplass ved Engesetdalsvegen i Sætrevika på Fylling, omlag 3 km frå Skodje sentrum. Det er ikkje parkeringsavgift.
Skitur
Blå Løype
Lengde
2,57 km en vei
Stigning
149 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
204 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 2,57

Offentleg transport

Buss nr 238 går frå Skodje sentrum gjennom Engesetdalen. Sjekk rute på frammr.no

Anna

Ein kan også gå frå Skodje kyrkje, følg då denne turbeskrivelsen: https://morotur.no/tur/apalviksaetra-fraa-skodje-kyrkje
Køyreskildring
Print ut