English

Apalviksætra frå Skodje kyrkje eller Hanslia

Ålesund

Kort om turen

Flott tur i åpent landskap med utsikt mot fjella rundt. Frå Hanslia er det småkupert terreng innover myrane. Mellom kyrkja og Hanslia er det 2 bratte bakkar ein må opp. Denne delen krever gode snøforhold før den blir kjørt opp.

Ruteskildring

Frå kyrkja går løypa over jordet og opp skileikbakken på Bakkemarka. Vidare følger den ein gamal skogsveg mot Hanslia. Midtvegs her er det ein bratt motbakke. Etter å ha kryssa vegen øverst i Hanslia går løypa forbi det nye høgdebassenget til vassverket før den svinger nedom Litletjørna. Vidare går turen i eit åpent og ganske flatt landskap innover myrane til du kjem til Albuskaret. I løypekrysset her tek ein til høgre og løypa har litt stigning siste biten opp til sætra.

Tilkomst og parkering

Parkeringsplass ved Skodje kyrkje eller på veien inn mot høgdebassenget øverst i Hanslia. NB! Ikkje parker langs veien som går videre oppover forbi skiløypa øverst i Hanslia. Ein sperrer då for dei som bur lenger oppe. Det er ikkje parkeringsavgift.
Skitur
Blå Løype
Lengde
4,86 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
204 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 4,86

Offentleg transport

Buss nr 237 går til Skodje sentrum. Sjekk rute på frammr.no
Køyreskildring
Print ut