English

Skaphornet frå Haralddalsætra (851 m.o.h.)

Volda

Kort om turen

Skaphornet er ein litt uvanleg topp å besøke. Fjellet ligg inst i Austefjorden og er godt synleg når du køyrer Kvivsvegen mot Hornindal. Turen går både på veg, sti og i terreng utan sti. Fin utsikt frå toppen!

Ruteskildring

Turomtalen startar på Haralddalssætra. Hit må du gå, om lag 5,7 km t/r: Turomtale Haralddalssætra på morotur.no. Kryss elva ved Haralddalssætra og følg smal, raudemerka sti til skiltet i Busseskaret på omlag 600 m.o.h. Det er ei bratt kneik like før du kjem hit. Frå Busseskaret er det ikkje sti, så då må du finne beste ruta til topps sjølv. Det er ikkje vanskeleg å finne vegen, men det er nokre korte, bratte kneiker som du må forsere.

Frå start inst i Sunndalen til Skaphornet, er turen samla sett om lag 10 km t/r

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på FV5891 mot Straumshamn. Køyr forbi padda og følg skilting vidare mot Straumshamn ved ei bru. Omlag 200 m etter brua ser du skilt til Sunndalen. Følg Sunndalsvegen til du kjem til Høybakk innst i Sunndalen. Her går det ein privat veg som du kan køyre så langt du vil, på eige ansvar. Stien til Haralddalsætra startar der vegen sluttar. Parkering ved vegen som går opp frå Høybakk innst i Sunndalen.

Fottur
Blå
Lengde
4,18 km tur/retur
Stigning
406 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
852 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,6

Offentleg transport

Det er kan sykle til start innst i Sunndalen

Kart

Turkart Søre Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut