English

Haralddalssætra

Volda

Kort om turen

Haralddalssætra ligg inst i Austefjorden. Sætra ligg fint til ved eit lite vatn. Det meste av turen går på skogsveg, men siste biten går på sti.

Rutebeskrivelse

Start inst i Sunndalen ved Høybakk. Følg skogsveg. Midtvegs har vegen asfaltdekke. Etter at du igjen kjem inn på grus, deler vegen seg. Du er då på omlag 300 høgdemeter (N62° 02.288' E6° 19.708'). Du skal ta vegen som går til venstre og følge denne heilt til endes. Frå du tek av og til du kjem til stien er det lite stigning. Følg sti vidare opp til Haralddalssætra på høgre side av elva. På returen kan du ta sti gjennom skogen når du kjem ned til skogsvegen. (stien startar ved N62° 02.492' E6° 20.563') Stien er utydeleg så du bør vere vand med å ferdast i ulendt terreng dersom du vel denne ruta. Ver også obs på at du må krysse elva.

Adkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på RV 651 mot Straumshamn. Køyr forbi padda og følg skilting vidare mot Straumshamn ved ei bru. Omlag 200 m etter brua ser du skilt til Sunndalen. Følg Sunndalsvegen til du kjem til Høybakk innst i Sunndalen. Start ved postkasser der du kan kjøpe fiskekort. Parker ved vegen inst i Sunndalen ved Høybakk.
Fottur
Blå
Stigning
385 m
Tidsbruk
3 t. 20 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,8

Offentlig transport

Ein kan sykle til start.

Annet

Ta gjerne ein stopp ved den store padda. (http://www.nrk.no/mr/stor-interesse-for-austefjordpadder-1.11776964.) Paddebestanden ved Litlevatnet er av dei største i Europa og vart landskjend då paddene fekk eigne tunnelar under den nye E39.
Kjørebeskrivelse
Print ut