English

Rotsethornet - Hornet - Skarphornet

Volda

Kort om turen

Turen går i fjellområdet som ligg mellom Voldsfjorden og Rotevatnet. Her er fin utsikt i mange retningar, og med start på Rotsethornet kan ein velge korte eller lange turrunder. Denne runda må du rekne minimum 6 timar på, og den vil gi deg ei flott turoppleving!

Ruteskildring

Følg skilting til Rotsethornet. Det er forholdsvis bratt opp til Rotsethornet, men ikkje vanskeleg. Enkelte plassar er det lagt ut kjetting til hjelp. Nokre plassar deler stien seg. Hald til høgre dersom du er i tvil. NB! hald deg til stien! Frå toppen av Rotsethornet (649 moh) følger du merking bakover til Høgedalen. Nokre plassar kan det vere vanskeleg å sjå stien. Sjå etter merking så finn du den nok. Ta av ved skilt til Humbersetsætra. Stien er litt svak, men samanhengande, så det går greit å finne fram. Den er merka med raud merkepinnar. Ved Humbersetsætra kan det passe godt å ta ein rast, det er endå eit stykke att. Stien går vidare bakover mellom sela på sætra. Det er merka med merkestaur og raude pinnar i trea heile vegen til Hornet (693 moh). Frå Hornet og ned til skaret før du skal opp att til Skarphornet, kan det vere litt vanskeleg å finne stien, men følg merkinga så finn du fram. På ryggen opp att til Skarphornet (695 moh) er det ikkje merka, så her må du sikte deg inn og etterkvart finn du stien. Vidare til Botnaseætra er det sti på ryggen nordover, men når du skal ned til sætra forsvinn den tidvis. Følg merkestaurar, så finn du fram og du kjem etterkvart inn på sti til Botnasætra. Frå Botnasætra og tilbake til start er det skogsveg. Først litt bratt ned til Rotevatnet og så flatt langs Rotevatnet og tilbake til start.

Du kan også velge å gå gamleråsa ned frå Botnasætra til golfbana ved Rotevatnet. Sjå etter skilt

 

Tilkomst og parkering

Køyr frå Volda sentrum mot Stryn. Like før Rotsethorntunnelen startar turen. Her er det godt med parkering og det er skilta "Rotsethornet. Kalsethola".
Fottur
Rød
Lengde
14,8 km rundtur
Stigning
1106 m
Tidsbruk
6 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
695 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,8
Sti 10

Offentleg transport

Ringruta i Volda. Det går ofte buss frå Volda sentrum mot sjukehuset. http://www.frammr.no/ Gå av ved rundkøyringa ved Høgskulen og gå til start.

Anna

NB! Det er ikkje vatn å finne før du kjem til Botnasætra så ta med det du treng av drikke undervegs

Kart

Nærturkart for Volda. Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut