English

Lebergsfjellet frå Fjellstova

Ålesund

Kort om turen

Fin tur i ope landskap med god utsikt i småkuppert terreng. Frå toppen ser du Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet. I aust ser du Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. Lengst i vest ser du øyane rundt Ålesund. Du har også flott utsikt mot Solnørvassdraget og Akslevollvatnet.

Ruteskildring

Start ved Fjellstova og gå grusvegen nedover mot Løken. Her er det bomveg så du kan også køyre, men det er berre nokre hundre meter. Du møter snart skilt til Lebergsfjellet. Ta av til venstre her og følg merkepinnar heilt til toppen. Terrenget er småkuppert og går over ein del myr. Det kan vere ganske vått, men variert terreng oppover.

Tilkomst og parkering

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum mot Ørskogfjellet. Parker ved Fjellstova. Fjellstova: avgift berre om vinteren.

Fottur
Blå
Stigning
319 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
613 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,8

Offentleg transport

Ja. Fram ekspressen går forbi kvar time.

Anna

På toppen er det ei telemast og værstasjon.

Kart

Ørskogfjellet

Lenke til turskildring

Betalingsmiddel for bomvei

Det er berre eit kort stykke etter bomvegen før du skal ta av. Parker heller bilen ved Fjellstova.
Køyreskildring
Print ut